Weihnachtsmarkt

Die Woche…, ja no begynte eg nesten å skrive bloggen min på tysk her. Det er vel eit teikn på at ein har vore litt for lenge vekke i frå heimlandet sitt. Tyskland er kjekt, men eg kan vel seie at eg ser fram til norsk fjelluft, vatn, folk og fe. (Die Woche) Denne veka tok eg ein tur ned i sentrum, for å sjå på Weihnachtsmarkt (Julemarknaden) her i Erfurt. Julemarknaden blir faktisk rekna som ein av Tyskland sine finaste. Ein ting er iallefall sikkert, nemleg at julemarknaden ikkje er til å unngå. Den er diger og er fordelt rundt om i heile sentrum. På Weihnachtsmarkt finn ein klassikarane; Glühwein (Varm vin med krydder, trur eg), brente mandlar, bratwurst, kastanjenøtter og sjokoladefrukt. På vegen ned til marknaden, traff eg på desse spesielle trafikklysa og eg berre måtte ta bilde av dei. Eg trur at dei berre fins her i Erfurt.

Heks - Trafikklys

Gamal dame - Trafikklys

Weihnachtsmarkt

Heisse Maroni

Kommentarar (1) »

Zürich

Sist helg reiste eg til Zürich for å besøke nokre vener. Eg tok CNL (CityNightLine) direkte til Zürich og var så heldig at eg slapp å bytte tog undervegs. I løpet av tri dagar fekk eg sett by og landsby, strikka, mista boka mi, vore på ein dadaisme-kafe, sett «Midnight in Paris» for andre gang (heldigvis ikkje dubba) og brukt alt for mykje pengar (ja, der er det dyrt).

Mine fakta om Zürich: Sentrum er ganske oversiktleg og lite, togstasjonen er diger og uoversiktleg (altså i lag  med t- og s-bahn), trafikklysa for fotgjengerar er delt i tri fargar; raudt, grønt og gult, pengane deira ser ut som leikepengar, det finns mange rikmannsbutikkar der og sjølvsagt er det ein fin by!

Liggestolane i CNL

Innsjø i Zürich

Hanna i Zürich sine gater

Kastanjenøtter

Trafikklys

Kommenter innlegget »

Ei langhelg i Rüdesheim

På fredag, rett etter jobb, for eg til stasjonen for å rekke eit tog. Eg hadde heldigvis god tid og kunne sitje ein halv time på ein iskald benk i minusgrader. Men det var berre starten på det fantastiske eventyret. Eg hadde sjølvsagt bestilt det billegaste togalternativet. Billig kan jo vera bra, men tre togbytte i gokk og to timar ekstra kjøretid treng eg ikkje fleire gonger. Det første togbytte var t.d. I Bebra. Eg tvilar på at nokon av dykk har høyrt om denne plassen, men dersom de har, var det sikkert i ei spøkelseshistorie. Bebra var ein aude stasjon utan liv, folk og noko som helst eigentleg. Jo, det var ein pitteliten kiosk, men det var òg alt. På denne spøkelsesstasjonen sat eg iallefall i over ein halvtime og eg er eigentleg overraska over at eg ikkje var frosen fast i benken, for i ‘Hessich Sibirien’ er det alt anna enn varmt. Eg skal ikkje reise til Bebra frivilleg igjen. Aldri.

Då eg endeleg kom fram, vart eg henta av Oma og det var kjekt å sjå ho igjen. Det første ho spurte meg om, var om eg hadde tatt med skittentøy og det hadde eg sjølvsagt. Dagen etter var eg mykje i lag med søskenbarna mine. Me perla smykke, laga negerboller, spelte ligretto, eg vart spreia full av kokos-balsamspray (eg lurer enda på korleis eg kom levande i frå den stanken) og sminka med så mykje sminke at eg fekk ein allergisk reaksjon (eg såg iallefall ut som ei tomat ETTER at sminka var fjerna). På søndagen plukka me nøtter, Oma laga yndlingsmiddagen min og tanten min fekk tak i ein brukt sykkel til meg. Jippi. Alt i alt, var det ei avslappande helg.

Heimreisa gjekk ganske bra, med unntak av at eg hadde litt problem med å få sykkelen opp rulletrappene som sto i omlag 90° vinkel. Ein ting er jo å halde sykkelen, men i tillegg å ha den baktunge sekken var ei utfordring. Eg kan vera ganske så glad for at eg ikkje for andre vegen ned trappa.

I dag er det onsdag og eg må pakke til i morgon, for natt til fredag er eg på reis igjen. Neste stopp: Zürich!

Kommenter innlegget »

Hei Noreg, om 42 dagar er eg heime igjen

Det er november. Det blir tidleg mørkt og alt lauvet på bakken minner om norske snøfenner. Eg likar hausten! Det einaste som er rart, er at det så og sei aldri regnar her. Eg, som vestlending, er jo vant med at på hausten og store deler av vinteren og eigentleg òg resten av året, regnar det. Eg saknar ei regnbøye her i Erfurt!

Når eg ikkje tenkjer på vêret, er eg på jobb. Ei av arbeidsoppgåvene mine hos Naturfreunde, er å ha eit ‘Fritidstilbod’ for to små grupper med ungar. Det heiter Umweltspürnasen og me gjer alt frå å presse blader til å lage flytande modellkittfiskar (sist nemnt blei eit forferdeleg griseri og skal ikkje gjentakast). Ungane var ganske kreative, men då dei var ferdige var det meir kitt på bordet enn på fisken. Det måtte jo sjølvsagt vaskast vekk og kollegaen min og eg var dei heldige som fekk lov til å gjera den jobben. Sist veke leika me òg “Fisken i det røde hav” på tysk i lag med dei. Den fantastiske omsetjinga mi var slik: “Fische in das Rote Meer, welche Farbe brauchen wir um rüber zu kommen?” Det var utruleg moro.

No har eg begynt å bli kjent med Erfurt. Kartet treng eg iallefall ikkje lenger! Eg slit pittelitt når det er mørkt, for då ser alt annleis ut. Men dersom eg følgjer trikkespora går det som regel godt. Sist søndag gjekk eg ein tur i parken, for å strikke vidare på den halve selbuvotten (den er enda ikkje ferdig). Ei gamal dame sat seg ved sida av meg og me kom i snakk. Me snakka om laust og fast. Ho sa noko som dette etter at me hadde snakka litt om arkitektur: «Det er så kjekt å høyre at ungdommar ikkje berre er interessert i popmusikk, sjølv om noko av den musikken og kan vera ganske bra.» Det var veldig hyggeleg å snakka med ho og ho gav meg fleire titals tips om alt eg kunne gjera og oppleva i Thüringen.

Denne helga var ikkje like roleg som sist helg. I går vart eg invitert til ein ‘liten’ kollektivfest, som til og med hadde sin eigen DJ på besøk. Politiet kom to gonger på døra, grunna for mykje lyd (det er kanskje ikkje så rart med tanke på at det var over 30 stykk der). Då dei kom for andre gang, måtte alle forlate festen. Me var ei gruppe på 10 som for heim til ein annan. Der fekk eg spørsmål om å kome med eit musikkynskje og eg følte at eg nesten måtte foreslå noko norsk. Eg foreslo då: Admiral P med «Snakke Litt» og Gabrielle med «Ring meg». Begge songane falt i smak!! Det var moro. Dei likte spesielt Admiral P sin song, men den er jo ganske festleg.

Elles ser eg fram til helga, for då reiser eg på besøk til slekta i Rüdesheim.

Og ja, det er snart desember og då reiser eg heim til Noreg. Eg gledar meg visst til det.

Kommentarar (4) »

Det blir visst kaldt i Erfurt òg

No saknar eg vedomnen og trehuset heime. Fysj så kaldt det er i desse murhusa (og det allereie i oktober). Eg får vell førebu meg på at frosten snart kjem og at det blir enda kaldare. Det hadde jo hjelpt litt dersom eg hadde skrudd opp varmen her på rommet, men diverre er det ikkje eg som styrer den. Eg bur i Tyskland og her sparer me på alt. Eg er òg ganske miljøbevisst, men eg vil ikkje gå i boblejakke inne heller. Ein plass går grensa.

Sortering av glas (i 3 fargar!!)

I desse dagar driv Naturfreundejugend å flyttar til eit nytt og større kontor. Eg er den heldige som får pakka flyttelasset. Eg har aldri hatt støvallergi før, men det forundrar meg ikkje om eg får ein etter dette. Utan om pakking av bøker og permar, har eg òg fått lov til å bore hol i veggen og skru fast lister på det nye kontoret. Det var ikkje eit spesielt lett arbeid – det var tungt! Det er kanskje på tide å begynne å klatre litt igjen, når ein har problem med å skru fast ein skrue.

I går var eg på IKEA. Då følte eg meg nesten heime. Nesten. Turen til Ikea var ganske så festeleg. Først tok me (ei veninne og eg) trikken til feil stopp. Sidan måtte me vente på neste trikk og det tok vell ca 10 min. Då me endeleg kom fram til busshaldeplassen, var det sjølvsagt ikkje vår buss som sto der. Den neste skulle kome ein time seinare. Me bestemte oss for å gå til Ikea.

Me fannt Ikea!

 

Kommentarar (1) »

Ein sommardag i Erfurt

Det er er slutten av september og her i Erfurt er det sommar og fint ver. Kultursjokk. Men eg må ikkje ha typisk surt vestlandsver. Solskinn, selbuvotten (Ja, ein må begynne tidleg) og ein tur i parken er livet. Her er nokre bilete frå den fine byen:

Elv i Erfurt

Die Maus

Blafre-design i ein liten butikk i Erfurt!

Engelsburg: Cafe og disco

Sykkeldrive-in

Oktoberfest

Kommentarar (2) »

Heile Europa i Witzenhausen

I går sa eg ‘hadet’ til dei andre europeiske frivillige og reiste heim igjen til Erfurt. Dei siste ti dagane har eg nemleg vore på EVS-seminar i Witzenhausen. Då arbeidsgivaren min fortalde meg at eg skulle på eit ti dagar langt seminar, var eg ganske så skeptisk. Eg sa på tull, at eg heller ville arbeide. MEN eg er veldig glad for at eg reiste på innføringsseminaret. På dette seminaret gjekk det t.d. opp for meg, kva eg eigentleg er – EVS = European Voluntary Service. Greit å veta.

Til saman var me 21 frivillige. Alt i frå russarar til kinesarar (ok, det var berre ei i frå Kina) var på seminaret. Me lærte om identitet, rettar og plikter, forsikring, tysk historie, andre kulturar, leikar, språk og mykje anna. I tillegg lærte me om kvarandre sine interesser. Eg hadde eit dramakurs for ei lita gruppe. Dei skulle dramatisere “De tre bukkene bruse” på tysk. Det var utruleg moro å sjå på. Sjølv deltok eg på eit photoshopkurs og på eit sjongleringskurs. Begge deler var veldig kjekt. Eg har som mål å lære meg å sjonglere før nyttår. Eg har laga tre ballar av ballongar, ris og nylonstrømpebukser.

Desse ti dagane gjekk utruleg fort og eg saknar den sprø gjengen av frivillige. Me var med kvarandre dagen lang. Det var nesten som å gå på folkehøgskule, berre at me måtte lage middagen (altså 8/9-tida) sjølv. Kveldane vart òg veldig lange for nokre. Me spelte billiard, fotballspel, ping pong, kortskalle, 10000 (eg lærte dei det festelege spelet) og høyrte god musikk. Heldigvis begynte me først kl 09.30 kvar morgon.

No er eg som sagt tilbake i Erfurt og eg har fri til neste tysdag faktisk, for på måndag er det 3.oktober. Det er herleg å ha fri. Eg har vaska og rydda rommet. Dei nyvaska kleda mine heng til tørk i sola og eg går i shorts. Her er det varmt! Til helga reiser eg til familien i Rüdesheim og blir der over nasjonaldagen. Eg gledar meg!

Livet i Witzenhausen

Sjongleringsballar

Kommentarar (1) »

Full kontroll

Ja, det trudde eg iallefall. Eg tok meg ein spasertur i Converse-sko i frå sentrum og retning heim. Men den turen som normalt sett skulle ha tatt ca 20 min, tok nokre timar. Det første problemet mitt var vell at eg fann ei gate som eg trudde førte til gata der eg bur. Det stemmte jo eigentleg, men eg klarte sjølvsagt å gå i feil retning i gata – ingenmannsland. Resultatet av denne fantastiske turen var: To hovne, raude og vonde tær, som eg lurer på om kan vera forstua, kanskje. Har nokon eit forslag på kva det kan vera? Eg tek gjerne imot kjerringråd om korleis ein skal få dei friske og raske igjen. Det værste var at eg hadde eit kart med meg på turen, men at eg gjekk utforbi kartet. Typisk meg. Men eg fann no fram til slutt.

Raud= der eg gjekk, grøn= der eg burde ha gått

I dag skal eg prøve å gå bort til vaskesalongen for å vaske klær, for me har ikkje vaskemaskin her i kollektivet. Skittentøy, donaldkryssord og strikketøy får bli med meg bort.

Elles masar kollegane mine på meg om at me må laga norsk middag i lag. Kva er typisk norsk mat?

Kommentarar (4) »

Erfurt til no

No har eg budd i Erfurt i snart ei veke og eg byrjar vell å få kontroll på kvar ting og tang er. Men likevel tør eg enda ikkje kaste det trufaste bykartet mitt, som eg dagleg har med meg. Dersom eg ikkje hadde hatt det kartet, hadde eg sikkert klart å rote meg enda meir vekk.

Det var besteforeldrene mine som frakta flyttelasset mitt og meg til denne vakre byen. Den eine parten hjalp også til med å rydde inn flyttelasset på det nye rommet. Då me var ferdige, køyrte dei meg til kontoret som eg skal arbeide i. Besteforeldrene mine reiste heim og eg sa hei og hallo til dei nye kollegane. Sidan fekk eg eit google-map-kart som viste meg vegen til turistkontoret, der eg fekk tak i eit skikkeleg turist-bykart. Det vart sjølvsagt eit par dagar med byorientering. Eg trur at eg har vore igjennom dei fleste (men absolutt ikkje alle!) gatene i sentrum no. Ved hjelp av kartet fekk også registrert meg her i Erfurt, fekk tysk simkort og fekk tysk konto.

Den første arbeidsdagen var hard, sjølv om eg ikkje gjorde så veldig mykje arbeid akuratt. Det at eg måtte stå opp halv sju om morgonen, var vell kanskje den vanskelegaste delen av arbeidsdagen. Det me gjorde var å besøke ein skuleklasse, som hadde eit høgt støynivå. Me gav dei oppgåver, der dei måtte samarbeide, for å skape eit betre klassemiljø. Det var utruleg spanande og eg ser fram til kvar arbeidsdag.

I tillegg til å arbeida har eg òg blitt kjent med nokre hyggeleg menneske. Heldigvis, elles hadde eg vell lengta enda meir etter gode gamle vener, familie og Noreg generelt. Ja, Tyskland er langt vekke. Eg ser fram til alle framtidige besøk i frå Noreg og verda elles. Sånn seriøst, Erfurt er ein utruleg fin by. Det er min andre favorittby ved sidan av Paris. Så det er berre til å pakka sekkar og koffertar og kome seg til Erfurt. Eg står klar med det norske flagget (som eg foresten fekk av romkameraten som velkomstpresang).

Erfurt, utsikt frå eit tårn

Smale hus i Erfurt

Kommentarar (6) »

Sommar’ferie’

Sommar’ferien’ på Sand er snart forbi. Til no har eg jobba i fleire veker, men i morgon har eg ferie og då reiser eg til Tyskland. Først skal eg vera med på ein speidarleir i ei veke på Lorelei og sidan skal eg jobbe som frivilleg i Erfurt.

Kommenter innlegget »

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.