No har eg vore på Sagavoll i litt over 2 veker og tida går utruleg fort.
Det kjennest ut som første skuledag, berre at eg kan litt fleire namn no då.
Her på skulen skjer det noko heile tida. Dei to siste helgene har me hatt volleyballturnering med utkledning og kakekonkurranse. Under volleyballturneringa kledde etasjen min, Sagaheim, seg ut i 80-tallsklede. Diverre fekk me ingen diplom for utkledningen vår, men helga etter stilte me opp med ei 6-lags-sjokoladekake og vann prisen for søtaste kake. Den kaka vart laga med godt samarbeid og to lange dagar med hardt arbeid.

I tillegg til desse aktivitetene har eg også hatt dei to første valgfaga mine: terengsykling og friluftsliv haust. Begge faga er like kjekke og eg ser fram til neste gang. På terengsyklinga på fredag, tok me ein sykkeltur i skauen og sykla på smale skogsvegar. Eg er stolt over at min gamle DBS (utan demperar) klarte denne farlege turen. På friluftslivturen gjekk med opp i skogen og plukte blåbær og steikte pannekakker/lappar. Det var kjempekoselig. Eg trur at dei blåbæra som veks her, er dei største eg nokon gang har sett!
Eg set foresten pris på Grey’s Anatomy-kveldane, der omlag alle jentene på skulen sit samla.
Elles er det 1,5 veke igjen til folka på Safari-linja (dvs. klassen og eg) reiser på interrail. Me gledar oss veldig til mange timar på tog. Turen går då til Brüssel og Budapest, men programmet veit me ikkje så veldig mykje om enda.
Helga sa,
september 2, 2009 @ 7:27 pm
Fiiine oppdateringar Hanna!
Og eg må sei eg er mektig imponert over kaka!
Du må kosa deg masse både på sykkel- og skogsturane dine oog på interrailen!
katjakaj sa,
september 3, 2009 @ 10:21 am
Ja, den kaka er svært så spesiell. Vanilla icing, oreo, non stop og marshmallow fondant gjorde sitt. Det må vera den søtaste kaka eg nokon gong har smakt.
Tusen takk for det:) Eg gledar meg veldig! Du får nyta det siste året på vgs.!
Vifteovn sa,
september 10, 2009 @ 6:40 pm
Steike, seks lag! Det er frekt det! Hadde eg hatt ovn hadde eg bakt litt eg også…
Jøss, om du sykle på den sykkelen i eit år kjem du til å bli ganske sprek, for den er ikkje lett! Endå meir sprek enn nå då
Safari i Europa, snålt, du kjem til å få eit lite kultursjokk i forhold til Afrika iallefall.
katjakaj sa,
september 12, 2009 @ 10:00 am
Ja, 6 lag tok lang tid å lage. Me måtte steike eit og eit lag om gangen, for då kom det til å smake best sto det i oppskrifta. Me får bake litt når du kjem heim^^ Paparkaker og slikt:)
Haha, ja den sykkelen er ikkje spesiellt rask, men den fungerer bra i tereng, pga dei djupe spora. Me får stille på tal total til neste år òg:) Eg har høyrt rykter om at det er fleire som har fått seg racersykkel der nede.
Å eg gledar meg slik til den interrailen, men ja, det blir nok noko anna i forhold til Afrika. Men etter denen turen, kjem iallefall klassen til å bli enda betre kjent.