Dei siste dagane har Sagaheim, internatet som eg bur på, forandra seg til ein sjukeheim. 5 av 14 jenter er sengeliggjande, medan resten snufsar, har vondt i halsen eller frys. Elles er det omlag 40 av 130 elevar på skulen som har fått svineinfluensa. Dei som framleis er «friske» av elevane, fungerer som sjukesystrer. Me hentar fire måltid, ringjer husmor når det skal målast temperatur og gjer anna sjukesyster-arbeid. Eg for min del er slakk (men ikkje sengeliggjande), har litt vondt i halsen og smerte i begge armane.
Elles har me det bra. Safari-klassen er mellom anna eit steg nærmare Afrika. I går var me på helsestasjonen, for å ta 3 vaksinar: Twinrix, gulfeber og polio. Me har også begynt å lære om Kenya. To medelevar og eg fortalde klassen om Pokot-området.
Pokot er ei etnisk gruppe og eit landområde nordvest i Kenya. Landområdet består av høge fjell, djupe dalar og eit totalareal på 9100 km2 . Klimaet varierer frå tørre savannar til frodige fjellsider. Pokotane er delt opp i to grupper: Pokotane i høglandet og slettepokotane. Pokotane i høglandet lever hovudsakleg av jordbruk, medan slettepokotane er nomadar og kvegfolk. Elles bur pokotane i jordhytter med stråtak og ofte i lag med husdyra sine.
Andre lærte oss litt swahili, historie og geografi. Alle desse foredraga var spanande og eg ser fram til reisa som startar 11.01.10. Ei reise i fem veker gjennom tre land.
I denne mørke novembermånaden har eg hatt eit par kjekke valfag som har lyst opp kvardagen. Gitar og kulturkonflikt på film har vore kjekt og spanande. Eg har mellom anna begynt å øve på julesongar, noko som gir meg veldig mykje julestemning. (Litt tidleg?) I dag hadde eg kulturkonflikt på film, der me såg filmen «Ikke uten min datter». Den var utruleg sterk og eg anbefaler den.
I tillegg til å pusle på med valfag, har eg også hatt litt fritid. I fritida har eg vore ein del på keramikken. Eg må heller ikkje gløyme å fortelje at strikketøyet mitt følgjer med meg kvar eg enn går. Uansett lysstyrke, så er strikketøyet med. De kan berre glede dykk til jul!