Die Woche…, ja no begynte eg nesten å skrive bloggen min på tysk her. Det er vel eit teikn på at ein har vore litt for lenge vekke i frå heimlandet sitt. Tyskland er kjekt, men eg kan vel seie at eg ser fram til norsk fjelluft, vatn, folk og fe. (Die Woche) Denne veka tok eg ein tur ned i sentrum, for å sjå på Weihnachtsmarkt (Julemarknaden) her i Erfurt. Julemarknaden blir faktisk rekna som ein av Tyskland sine finaste. Ein ting er iallefall sikkert, nemleg at julemarknaden ikkje er til å unngå. Den er diger og er fordelt rundt om i heile sentrum. På Weihnachtsmarkt finn ein klassikarane; Glühwein (Varm vin med krydder, trur eg), brente mandlar, bratwurst, kastanjenøtter og sjokoladefrukt. På vegen ned til marknaden, traff eg på desse spesielle trafikklysa og eg berre måtte ta bilde av dei. Eg trur at dei berre fins her i Erfurt.
Arkiv for november, 2011
Zürich
Sist helg reiste eg til Zürich for å besøke nokre vener. Eg tok CNL (CityNightLine) direkte til Zürich og var så heldig at eg slapp å bytte tog undervegs. I løpet av tri dagar fekk eg sett by og landsby, strikka, mista boka mi, vore på ein dadaisme-kafe, sett «Midnight in Paris» for andre gang (heldigvis ikkje dubba) og brukt alt for mykje pengar (ja, der er det dyrt).
Mine fakta om Zürich: Sentrum er ganske oversiktleg og lite, togstasjonen er diger og uoversiktleg (altså i lag med t- og s-bahn), trafikklysa for fotgjengerar er delt i tri fargar; raudt, grønt og gult, pengane deira ser ut som leikepengar, det finns mange rikmannsbutikkar der og sjølvsagt er det ein fin by!
Ei langhelg i Rüdesheim
På fredag, rett etter jobb, for eg til stasjonen for å rekke eit tog. Eg hadde heldigvis god tid og kunne sitje ein halv time på ein iskald benk i minusgrader. Men det var berre starten på det fantastiske eventyret. Eg hadde sjølvsagt bestilt det billegaste togalternativet. Billig kan jo vera bra, men tre togbytte i gokk og to timar ekstra kjøretid treng eg ikkje fleire gonger. Det første togbytte var t.d. I Bebra. Eg tvilar på at nokon av dykk har høyrt om denne plassen, men dersom de har, var det sikkert i ei spøkelseshistorie. Bebra var ein aude stasjon utan liv, folk og noko som helst eigentleg. Jo, det var ein pitteliten kiosk, men det var òg alt. På denne spøkelsesstasjonen sat eg iallefall i over ein halvtime og eg er eigentleg overraska over at eg ikkje var frosen fast i benken, for i ‘Hessich Sibirien’ er det alt anna enn varmt. Eg skal ikkje reise til Bebra frivilleg igjen. Aldri.
Då eg endeleg kom fram, vart eg henta av Oma og det var kjekt å sjå ho igjen. Det første ho spurte meg om, var om eg hadde tatt med skittentøy og det hadde eg sjølvsagt. Dagen etter var eg mykje i lag med søskenbarna mine. Me perla smykke, laga negerboller, spelte ligretto, eg vart spreia full av kokos-balsamspray (eg lurer enda på korleis eg kom levande i frå den stanken) og sminka med så mykje sminke at eg fekk ein allergisk reaksjon (eg såg iallefall ut som ei tomat ETTER at sminka var fjerna). På søndagen plukka me nøtter, Oma laga yndlingsmiddagen min og tanten min fekk tak i ein brukt sykkel til meg. Jippi. Alt i alt, var det ei avslappande helg.
Heimreisa gjekk ganske bra, med unntak av at eg hadde litt problem med å få sykkelen opp rulletrappene som sto i omlag 90° vinkel. Ein ting er jo å halde sykkelen, men i tillegg å ha den baktunge sekken var ei utfordring. Eg kan vera ganske så glad for at eg ikkje for andre vegen ned trappa.
I dag er det onsdag og eg må pakke til i morgon, for natt til fredag er eg på reis igjen. Neste stopp: Zürich!
Hei Noreg, om 42 dagar er eg heime igjen
Det er november. Det blir tidleg mørkt og alt lauvet på bakken minner om norske snøfenner. Eg likar hausten! Det einaste som er rart, er at det så og sei aldri regnar her. Eg, som vestlending, er jo vant med at på hausten og store deler av vinteren og eigentleg òg resten av året, regnar det. Eg saknar ei regnbøye her i Erfurt!
Når eg ikkje tenkjer på vêret, er eg på jobb. Ei av arbeidsoppgåvene mine hos Naturfreunde, er å ha eit ‘Fritidstilbod’ for to små grupper med ungar. Det heiter Umweltspürnasen og me gjer alt frå å presse blader til å lage flytande modellkittfiskar (sist nemnt blei eit forferdeleg griseri og skal ikkje gjentakast). Ungane var ganske kreative, men då dei var ferdige var det meir kitt på bordet enn på fisken. Det måtte jo sjølvsagt vaskast vekk og kollegaen min og eg var dei heldige som fekk lov til å gjera den jobben. Sist veke leika me òg “Fisken i det røde hav” på tysk i lag med dei. Den fantastiske omsetjinga mi var slik: “Fische in das Rote Meer, welche Farbe brauchen wir um rüber zu kommen?” Det var utruleg moro.
No har eg begynt å bli kjent med Erfurt. Kartet treng eg iallefall ikkje lenger! Eg slit pittelitt når det er mørkt, for då ser alt annleis ut. Men dersom eg følgjer trikkespora går det som regel godt. Sist søndag gjekk eg ein tur i parken, for å strikke vidare på den halve selbuvotten (den er enda ikkje ferdig). Ei gamal dame sat seg ved sida av meg og me kom i snakk. Me snakka om laust og fast. Ho sa noko som dette etter at me hadde snakka litt om arkitektur: «Det er så kjekt å høyre at ungdommar ikkje berre er interessert i popmusikk, sjølv om noko av den musikken og kan vera ganske bra.» Det var veldig hyggeleg å snakka med ho og ho gav meg fleire titals tips om alt eg kunne gjera og oppleva i Thüringen.
Denne helga var ikkje like roleg som sist helg. I går vart eg invitert til ein ‘liten’ kollektivfest, som til og med hadde sin eigen DJ på besøk. Politiet kom to gonger på døra, grunna for mykje lyd (det er kanskje ikkje så rart med tanke på at det var over 30 stykk der). Då dei kom for andre gang, måtte alle forlate festen. Me var ei gruppe på 10 som for heim til ein annan. Der fekk eg spørsmål om å kome med eit musikkynskje og eg følte at eg nesten måtte foreslå noko norsk. Eg foreslo då: Admiral P med «Snakke Litt» og Gabrielle med «Ring meg». Begge songane falt i smak!! Det var moro. Dei likte spesielt Admiral P sin song, men den er jo ganske festleg.
Elles ser eg fram til helga, for då reiser eg på besøk til slekta i Rüdesheim.
Og ja, det er snart desember og då reiser eg heim til Noreg. Eg gledar meg visst til det.









