Hei Noreg, om 42 dagar er eg heime igjen

Det er november. Det blir tidleg mørkt og alt lauvet på bakken minner om norske snøfenner. Eg likar hausten! Det einaste som er rart, er at det så og sei aldri regnar her. Eg, som vestlending, er jo vant med at på hausten og store deler av vinteren og eigentleg òg resten av året, regnar det. Eg saknar ei regnbøye her i Erfurt!

Når eg ikkje tenkjer på vêret, er eg på jobb. Ei av arbeidsoppgåvene mine hos Naturfreunde, er å ha eit ‘Fritidstilbod’ for to små grupper med ungar. Det heiter Umweltspürnasen og me gjer alt frå å presse blader til å lage flytande modellkittfiskar (sist nemnt blei eit forferdeleg griseri og skal ikkje gjentakast). Ungane var ganske kreative, men då dei var ferdige var det meir kitt på bordet enn på fisken. Det måtte jo sjølvsagt vaskast vekk og kollegaen min og eg var dei heldige som fekk lov til å gjera den jobben. Sist veke leika me òg “Fisken i det røde hav” på tysk i lag med dei. Den fantastiske omsetjinga mi var slik: “Fische in das Rote Meer, welche Farbe brauchen wir um rüber zu kommen?” Det var utruleg moro.

No har eg begynt å bli kjent med Erfurt. Kartet treng eg iallefall ikkje lenger! Eg slit pittelitt når det er mørkt, for då ser alt annleis ut. Men dersom eg følgjer trikkespora går det som regel godt. Sist søndag gjekk eg ein tur i parken, for å strikke vidare på den halve selbuvotten (den er enda ikkje ferdig). Ei gamal dame sat seg ved sida av meg og me kom i snakk. Me snakka om laust og fast. Ho sa noko som dette etter at me hadde snakka litt om arkitektur: «Det er så kjekt å høyre at ungdommar ikkje berre er interessert i popmusikk, sjølv om noko av den musikken og kan vera ganske bra.» Det var veldig hyggeleg å snakka med ho og ho gav meg fleire titals tips om alt eg kunne gjera og oppleva i Thüringen.

Denne helga var ikkje like roleg som sist helg. I går vart eg invitert til ein ‘liten’ kollektivfest, som til og med hadde sin eigen DJ på besøk. Politiet kom to gonger på døra, grunna for mykje lyd (det er kanskje ikkje så rart med tanke på at det var over 30 stykk der). Då dei kom for andre gang, måtte alle forlate festen. Me var ei gruppe på 10 som for heim til ein annan. Der fekk eg spørsmål om å kome med eit musikkynskje og eg følte at eg nesten måtte foreslå noko norsk. Eg foreslo då: Admiral P med «Snakke Litt» og Gabrielle med «Ring meg». Begge songane falt i smak!! Det var moro. Dei likte spesielt Admiral P sin song, men den er jo ganske festleg.

Elles ser eg fram til helga, for då reiser eg på besøk til slekta i Rüdesheim.

Og ja, det er snart desember og då reiser eg heim til Noreg. Eg gledar meg visst til det.

4 kommentarar så langt »

  1. 1

    Helga sa,

    Å, du må ikkje savne regnet Hanna! Iallefall ikkje om du flytter hit neste haust då får du nok regn ;) Eg gleder meg os visst til desember og til du kjem heim til Noreg!

    • 2

      katjakaj sa,

      Eg skiftar sikkert meining om regnet, dersom eg flyttar til Bergen. Ein vil jo alltid ha det ein ikkje har. Ja, i dag er det 8 november, så det er ikkje så lenge til det er desember. Gledar meg til å sjå deg òg! :]

  2. 3

    Fische im roten Meer, kanskje? ;) Hihi :) Bra at du koser deg!! :D Jeg skal også snart hjem, og gleder meg til å være med familien igjen! Her har vi hatt tre soldager i løpet av hele november, og heller ikke så mye sol i oktober heller – resten av tida har det vært regn. Du må gjerne ta litt herfra!!

    • 4

      katjakaj sa,

      Ja, det er nok litt meir gramatisk rett. Men går ikkje min variant? Huff, eg trur eg trekker det med regnet tilbake. Tre soldagar var ikkje så mykje. Eg håpar at de får fleire til våren!!:)


Kommentar-RSS · TilbakeSporings-URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.