På fredag, rett etter jobb, for eg til stasjonen for å rekke eit tog. Eg hadde heldigvis god tid og kunne sitje ein halv time på ein iskald benk i minusgrader. Men det var berre starten på det fantastiske eventyret. Eg hadde sjølvsagt bestilt det billegaste togalternativet. Billig kan jo vera bra, men tre togbytte i gokk og to timar ekstra kjøretid treng eg ikkje fleire gonger. Det første togbytte var t.d. I Bebra. Eg tvilar på at nokon av dykk har høyrt om denne plassen, men dersom de har, var det sikkert i ei spøkelseshistorie. Bebra var ein aude stasjon utan liv, folk og noko som helst eigentleg. Jo, det var ein pitteliten kiosk, men det var òg alt. På denne spøkelsesstasjonen sat eg iallefall i over ein halvtime og eg er eigentleg overraska over at eg ikkje var frosen fast i benken, for i ‘Hessich Sibirien’ er det alt anna enn varmt. Eg skal ikkje reise til Bebra frivilleg igjen. Aldri.
Då eg endeleg kom fram, vart eg henta av Oma og det var kjekt å sjå ho igjen. Det første ho spurte meg om, var om eg hadde tatt med skittentøy og det hadde eg sjølvsagt. Dagen etter var eg mykje i lag med søskenbarna mine. Me perla smykke, laga negerboller, spelte ligretto, eg vart spreia full av kokos-balsamspray (eg lurer enda på korleis eg kom levande i frå den stanken) og sminka med så mykje sminke at eg fekk ein allergisk reaksjon (eg såg iallefall ut som ei tomat ETTER at sminka var fjerna). På søndagen plukka me nøtter, Oma laga yndlingsmiddagen min og tanten min fekk tak i ein brukt sykkel til meg. Jippi. Alt i alt, var det ei avslappande helg.
Heimreisa gjekk ganske bra, med unntak av at eg hadde litt problem med å få sykkelen opp rulletrappene som sto i omlag 90° vinkel. Ein ting er jo å halde sykkelen, men i tillegg å ha den baktunge sekken var ei utfordring. Eg kan vera ganske så glad for at eg ikkje for andre vegen ned trappa.
I dag er det onsdag og eg må pakke til i morgon, for natt til fredag er eg på reis igjen. Neste stopp: Zürich!