Arkiv for februar, 2012

…og der var me på plussida!

Det blir vår! Fuglane syng når eg går på jobb og folk rundt meg (inkludert meg sjølv) er i mykje betre humør. Det er fint å kunne sleppe boblebuksa og ulltrøya. Eg ser fram til shorts-vêr (det er vell berre 10ºC igjen).

Den 16.februar, bursdagen min, «feira» eg i Rüdesheim am Rhein. Heile kvelden var eg i 18-årsdagen til ei veninne av meg. Gjett om eg følte meg gammal, til tross for det flotte fargeblyantkostyme. Dagen etter gjekk eg 20km på Rheinsteig i lag med tantene mine og på kvelden var eg på karneval-disco for ungdommen i Rhindalen. Det var kanskje ikkje heilt mi greie og det hjelpte heller ikkje at eg ikkje kjente ei sjel der. I løpet av helga fekk eg også med meg eit karneval-tog. Det kan vell eigentleg samanliknast pittelitt med eit 17.mai-tog (men òg berre pittelitt). Toget består av forskjellige vogner, alt i frå lokomotiv til hest, som mest sannsynleg blir dratt av ein grøn traktor. På fortauet står folk og samlar snopet som blir kasta i frå toget. Festfaktoren i karneval-toget er mykje høgare enn det den er i 17.mai-toget heime hos oss. Toget begynte å gå kl 14.00 og då var deltakarane i toget i full gang med å tømme det dei hadde av drikkevarer og var ikkje diskret i det heile tatt. Det var vell heller få som gjekk utan noko flytande. Elles fekk eg mange koselege bursdagshelsingar på dagen. Tvserien «Monarch of the Glen» (også kjent som Kar for sin kilt) var nett det eg ønskte meg. På søndagen reiste eg tilbake til Erfurt og var ganske nervøs for den kommande veka.

Denne torsdagen hadde eg nemleg «Norwegischer Abend // Norsk kveld» her i Erfurt. Eg var overraska over kor mange som møtte opp. På denne norske kvelden, fortalde eg litt om historie, geografi, nynorsk/bokmål/samisk, politikk, 17.mai og sjølvsagt Sand, perlå i Ryfylke. I tillegg fortalde eg ei segn i frå Suldal, song «Jeg gikk en tur på stien» med dei og hadde ein vanskeleg quiz med dei. Vinnaren av quizen fekk ei lita handlaga bok med fire norske oppskrifter: Fiskepudding, rømmegraut, bollar og vaflar. Desse rettane, utan om fiskepuddingen, vart servert denne kvelden og alt vart ete opp.

I kveld og resten av helga skal eg slappe av, sidan eg neste veke skal vera med å leia teamtreninga på ein klassetur. Det blir spanande. God helg og kos dykk med karnevalmusikk i frå Tyskland: her, her og her. Helau!

Utsikt frå Rheinsteig

Enterprise, som sjølvsagt blir dratt av ein grøn traktor

Pippi Langstrømpe (som mann)

Lokomotiv

Godsaker for dei vaksne

Norske oppskrifter

Rømmegraut

Kanel i svingane

Kommentarar (2) »

Würzburg, Giessübel og snart Rüdesheim

For to veker sidan, var eg på eit seminar for europeisk frivillige i Würzburg. Det var kjekt, men alt for kaldt. Me fekk ein veldig liten sightseeing rundt i byen, men sidan det var så kaldt for me fort inn på ein kafe. Det var sikkert – 14 grader eller meir. Elles besøkte me ein moske, som absolutt ikkje såg ut som ein, i frå utsida. Mosken var nemleg bygd inne i eit nedlagt motell.

Etter fem dagar i Würzburg, hadde eg 2 dagar ‘heime’, før det bar ut på nye eventyr i Thüringer Wald. Eg var ein av leiarane på vinterferieleiren som fann stad i «Naturfreundehaus Thüringer Wald». Det var utruleg spanande, krevjande, men mest av alt moro å vera der. Me tova ull, aka på akebrett i alt for mange minusgrader, laga isoporsnømenn, gjekk på truger, spelte Kuhhandel og monopol, laga kakao, hadde barne-disco og 40-leiken. Ungane fekk sjølv laga programmet dag for dag, ut i frå dei tilboda me hadde, noko som eg syns var utruleg bra.

No er eg tilbake i frå skogen og har sjølvsagt blitt sjuk. Jippi. Det er jo lov til å håpe at ein blir frisk til bursdagen sin. Då skal eg nemleg reise på besøk til familien i Rüdesheim. Eg er invitert i utkledningsbursdag og skal kle meg ut som ein grøn fargeblyant.

Kommenter innlegget »

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.