Innlegg merka Aktivitetar

10 Monate gehen so schnell rum

Det er nesten som om eg flytta til Erfurt i går. Det er rart kor fort tida går, spesielt no når våren og finveret er her. Eg brukar kvart einaste frie minutt til å vera i sola. Sist veke sykla ein kollega og eg i frå Erfurt til Hainich-Nasjonalpark. Der var det utruleg fint! Slik ein grønfarge på trea ser ein berre tidleg på våren, trur eg. På vegen sykla me òg forbi svære jorder med raps. Sola skein (og ja, eg vart solbrent. Og nei, eg smurde meg ikkje nok inn med solkrem.) Det var iallefall ein fantastisk tur.

Elles lever eg litt i «nuet» for tida og prøver å få gjort mest mogeleg kjekt, i løpet av kortast tid. Det er ikkje spesielt lett, men veldig moro. Eg har mellom anna sett «Russendisko» på kino, Peter Pan som dokketeater, vore i Freibad (utandørsbasseng), Klatra i EGA og i buldrehall, strikka i regnet og sett ein fantastisk by: Leipzig! Sidan det er så mange fridagar neste veke, skal nokre vener og eg bruke dei på å gå Rheinsteig. Det er ein tursti som strekkjer seg langs Rhinen. Eg håpar på fint ver og mange plussgrader. Soveposen min er nemleg i tynnaste laget og er ikkje egna for kalde netter. Ein billett til ein musikkfestival i nærleiken av Ulm er òg i boks.

Utanom fritida mi, er eg sjølvsagt òg på jobb. Det er veldig spanande og eg har lært utruleg mykje i løpet av desse månadane. Teamtreningar, SFO-tilbod (med naturfageksperiment), leirar, foredrag, ungdomsklubb-arbeid og sjølvsagt kontorarbeid, er vell i grove trekk det eg held på med. Ein slik sjanse får ein ikkje ofte og eg er utruleg glad for at eg har fått mogelegheita til å jobbe med barn og unge i Erfurt. «Fisken i det røde av» og «Gi et lite vink» på tysk, kva er vell ikkje kjekkare enn det? Eg kan berre anbefala eit slikt år, som EVS, på det sterkaste!

Hanna i “Freibad”

Jorde med raps

Fine Leipzig med “innsjø”

Kommentarar (2) »

Min andre heim

Etter å ha vore ei snau veke i Kiel, reiste eg til Rüdesheim for å treffe vener og kjende. Eg angrar ikkje eit sekund på at eg tok den lange togturen ned til Rhindalen – min andre heim. Det var litt uvant å vera der i kulda, men det må jo opplevast det òg.

I Aulhausen fekk eg oppleve “Fassenacht” (karneval) for fyrste gong. Eg var ikkje klar over det vart feira i så stort. Både store og små deltok på samlinga, Sitzung, som var den helga. Søskenbarnet mitt dansa t.d.ein Wickie-dans. Det var utruleg festeleg å sjå og høyre på dei ulike innslaga. Festtalane var sjølvsagt på hessisch, dialekta som blir snakka i det området. Eg hadde store problem med å få med meg alt som vart sagt, men det var likevel kjekt å høyre på. Dersom eg er i Tyskland på vinterstid ein annan gang, vil eg få med meg karnvaltoget. Då kler dei fleste seg ut og mange drar igjennom gatene med ulike framkomstmiddel (t.d. Eit heimelaga skip som blir dratt av ein traktor). Dette kan vel nesten samanliknast med 17.mai-feiringa i Noreg.

Det var utruleg godt å sjå familien igjen og eg hadde fullt program heile helga. Eg kom til Rüdesheim på torsdag kveld og vart henta av Oma og Opa på togstasjonen. Kvelden vart lang og natta vart kort. Me hadde mykje å snakke om og det var ikkje alle som kom seg i seng med ein gang. Tidleg på morgonen kom søskenbarnet mitt for å vekke meg og eg klarte sjølvsagt ikkje å sovne igjen. Seinare på dagen besøkte eg ho på skulen og ho var ganske så stolt. I løpet av helga fekk eg òg vore med å arbeide litt i vingarden, besøke tantene mine, vore med på fredagssymjing og gått på turar.

Då søndagen kom, måtte eg begynne å tenkje på å kome meg oppover til Kiel igjen. Eg reiste kl 21 ifrå Rüdesheim og var i Kiel kl 05.50 om morgonen. Eg fekk ikkje sove mange timane den natta. På same dag, hadde gruppa mi og eg eit intervju med ein lærar. Me lærte utruleg mykje om skulesystemet i Tyskland.

Nokre dagar etterpå vart eg brått eit år eldre. No er eg visst halvvegs til 42. Det høyrest gamalt ut og eg er ikkje sikker på om eg likar det. Dagen vart feira hos vertsfamilien med heimelaga sjokoladekake og middag på restaurant. Eg hadde ein fin dag med både tyske og norske bursdagssongar og mange koselege bursdagshelsingar. Heidi Marie hadde dessutan laga heimelaga sjokolade til meg.

Kommentarar (1) »

«I dag er det 7.desember…» – og eg er sengeliggjande og ernærer meg på salt kjeks og cola

Her på Sagavoll er det veldig advent for tida. Alle etasjane er mellom anna med i ein julepyntkonkurranse. Nokre tykkjer at litt granbar og nokre stearinlys er grei pynting, medan andre dekorerer etasjen sin med farga blinkelys, blitslys og strippestang. Kvar har sin smak. I tillegg til pyntekonkurranse, har me òg hatt peparkakehuskonkurranse. Etasjen min stilte opp med eit kapell med glasvindauge, noko som det viste seg at nesten alle andre òg hadde.

Elles blir det vist Amalies Jul kvar dag i tv-stova og det er moro å sjå kor mange som møter opp. Det plar sikkert vere omlag 30-40 elevar. I tillegg til å sjå Amalies Jul les eg Julemysteriet, som forresten er ei utruleg koseleg bok. Julemusikk blir også spelt på rommet og etasjen. Helst vil eg berre høyre Oslo Gospel Choir, fordi det er den musikken eg kjem i julestemning av, men sjølvsagt er eg open for mykje anna òg. Mamman min har vore så koseleg å sendt meg pakkekalender, så den prydar veggen min. Eg har òg ein siste adeventskalender; Appelsin med nellik.

Sist veke hadde me snø her i Gvarv og det vart laga nokre snømenn. Då hadde eg vell skikkeleg julestemning. No har vell mesteparten av snøen regna vekk, men det kjem sikkert ny snø snart. Eg hadde forresten oppvaskveke sist veke (Frå måndag til og med torsdag). Det var eigentleg ganske moro, men på torsdagen var det ikkje fullt så kjekt. Då vaska me sikkert opp i over 2 timar, grunna eit festmåltid med dessert. Me vart ferdige 45 minuttar før kveldsmat, då me hadde ein ny oppvask som venta oss. På torsdagen hadde me òg juleverkstad. Eg var med på: Julekort, Ull/Toving og julefilm.

Dei siste vekene har eg dessutan fått nokre nye valfag. På måndagar har eg kvardagspsykologi og på fredagar har eg basketball og glas. Alle faga er kjekke på kvar sin måte.

Elles presterte eg å tryne på rommet mitt for nokre veker sidan. Eg skulle opne opp døra mi ein morgon då det banka på, men før eg kom så langt låg eg på golvet. Det var ein morosam måte å vakne skikkeleg opp på.

Hanna akkurat no:
- Sjuk
- Litt lite julestemning
- Lei av å sove
- Gleder seg til å bli frisk!

Kommenter innlegget »

Ei lita oppdatering sidan sist

Nokre veker er gått sidan interrail og eg har opplevd ein del sidan då. Rett etter interrailen, skulle me i safari-klassen vera med på noko sprøtt. Me skulle ha gruppebyggjing/teambuilding med krik-klassen i tre dagar. Det var veldig slitsomt, men også kjekt.

Etter gruppebygginga var det haustferie. Det var utruleg godt å kome heim både til familie og venner (og mamma sin gode middag!). Familien min var ikkje heime så lenge, men det gjorde ingenting, fordi eg skulle jobbe. Eg jobba kvar dag og passa katten til naboen. Alt gjekk greitt, utanom den siste kvelden eg hadde jobba, då eg kom heim og såg ein stor svart bil i oppkjørselen vår. Det vart litt dramatikk og både den eine og den andre blei med på det vesle mysteriet for å finne ut kven sin bil det var og om det var nokre ubedne gjester heime hos meg. Heldigvis var det berre naboen sin bil, som eg ikkje hadde sett i mørket før.

Sidan tok eg turen austover. Neste stopp var Sagavoll. Det var godt å vera tilbake og treffa alle saman igjen. På søndagen då eg kom til skulen,  fann eg ut kva for nokre valfag eg hadde fått og eg var svært nøgd med dei. Apologetikk, kulturkonflikt på film, kondis og gitar. Den var interessant å få sjå den provoserande filmen «Religulous» og filmen Kautokeinoopprøret, jogge i oppoverbakke på glatt føre og ikkje minst lære litt av «When you say nothing at all» på gitar.

På torsdagen skulle det vera rollebryllaup og det var utruleg morosamt. Alle elevane på skulen hadde fått utdelt ei rolle og nokre hadde fått ei oppdrag dei måtte gjere. Eg fekk rolla «Inge B», ein lokal militærutstyrforhandlar. Eg hadde aldri møtt denne personen, men det var kjekt å spele han likevel.  Jan Thomas og kjæresten, Kong Harald, Ari Behn, Michael Jackson, Supermann, Harry Potter, Pippi og Aleksander Rybak var òg  i bryllaupet. Det var så kjekt å delta, fordi alle hadde kledd seg så bra ut. Rollebryllaup må oppleveast!

Det var ei lita oppdatering om kva som skjer her på Sagavoll.

Kommentarar (2) »

1,5 veke igjen

No har eg vore på Sagavoll i litt over 2 veker og  tida går utruleg fort.
Det kjennest ut som første skuledag, berre at eg kan litt fleire namn no då.

Her på skulen skjer det noko heile tida.  Dei to siste helgene har me hatt volleyballturnering med utkledning og kakekonkurranse. Under volleyballturneringa kledde etasjen min, Sagaheim, seg ut i 80-tallsklede. Diverre fekk me ingen diplom for utkledningen vår, men helga etter stilte me opp med ei 6-lags-sjokoladekake  og vann prisen for søtaste kake. Den kaka vart laga med godt samarbeid og to lange dagar med hardt arbeid.

kake

I tillegg til desse aktivitetene har eg også hatt dei to første valgfaga mine: terengsykling og friluftsliv haust. Begge faga er like kjekke og eg ser fram til neste gang. På terengsyklinga på fredag, tok me ein sykkeltur i skauen og sykla på smale skogsvegar. Eg er stolt over at min gamle DBS (utan demperar) klarte denne farlege turen. På friluftslivturen gjekk med opp i skogen og plukte blåbær og steikte pannekakker/lappar. Det var kjempekoselig. Eg trur at dei blåbæra som veks her, er dei største eg nokon gang har sett!

Eg set foresten pris på Grey’s Anatomy-kveldane, der omlag alle jentene på skulen sit samla.

Elles er det 1,5 veke igjen til folka på Safari-linja (dvs. klassen og eg) reiser på interrail. Me gledar oss veldig til mange timar på tog. Turen går då til Brüssel og Budapest, men programmet veit me ikkje så veldig mykje om enda.

Kommentarar (4) »

30 myggstikk

Eg har no budd i nr.26 i snart ei heil veke og eg må seie at eg likar folkehøgskulelivet. Kvitt rom, 2 vindauger og eit bråkande tog.

Ein heilt vanleg skuledag startar med at eg står opp kl.07.30 (det blir nok tildigare neste veke) og sidan tar turen innom matsalen. Etter frukosten møter alle på morgonsamlinga for å få litt informasjon og for å ta ein trall. Så står linjeundersvisninga/ valgfaga for tur. Her på skulen kan ein faktisk velge mellom ca 100 valgfag, men sjølvsagt går mange av desse samtidig, så ein får ikkje tatt alle. Etter dette, er det lunsj og middag. Først kl 16.30 ca, er det fri, men då har me fri resten av kvelden.

Men de må ikkje vera redde for at eg har for mykje fritid, for her er det nok av ting å finne på. Skulen er utruleg koseleg og har mange kjekke aktiviteter på hus. Klatrevegg, buldrerom, stillerom, elevkjøkken, musikkrom, tvstova, stor gymsal, dansesal og mange spel. Dessutan ligg skulen veldig fint til, så dei som er interesserte kan ta seg ein joggetur i skogen. Ein har rett og slett mykje å velge mellom.

Diverre er det nok eit minus med den fine naturen her i Gvarv, og det minuset har namnet mygg. Etter få dagar hadde eg fått omlag 30 stikk berre på leggane mine. Fantastisk. Livet kan ikkje bli betre!

 
 
 
Sagaheim og Sagatoppen

Sagaheim og Sagatoppen

 
Rommet mitt

Rommet mitt

 
Myggstikk

Myggstikk

Kommentarar (4) »

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.