Innlegg merka Ferie

Heile Europa i Witzenhausen

I går sa eg ‘hadet’ til dei andre europeiske frivillige og reiste heim igjen til Erfurt. Dei siste ti dagane har eg nemleg vore på EVS-seminar i Witzenhausen. Då arbeidsgivaren min fortalde meg at eg skulle på eit ti dagar langt seminar, var eg ganske så skeptisk. Eg sa på tull, at eg heller ville arbeide. MEN eg er veldig glad for at eg reiste på innføringsseminaret. På dette seminaret gjekk det t.d. opp for meg, kva eg eigentleg er – EVS = European Voluntary Service. Greit å veta.

Til saman var me 21 frivillige. Alt i frå russarar til kinesarar (ok, det var berre ei i frå Kina) var på seminaret. Me lærte om identitet, rettar og plikter, forsikring, tysk historie, andre kulturar, leikar, språk og mykje anna. I tillegg lærte me om kvarandre sine interesser. Eg hadde eit dramakurs for ei lita gruppe. Dei skulle dramatisere “De tre bukkene bruse” på tysk. Det var utruleg moro å sjå på. Sjølv deltok eg på eit photoshopkurs og på eit sjongleringskurs. Begge deler var veldig kjekt. Eg har som mål å lære meg å sjonglere før nyttår. Eg har laga tre ballar av ballongar, ris og nylonstrømpebukser.

Desse ti dagane gjekk utruleg fort og eg saknar den sprø gjengen av frivillige. Me var med kvarandre dagen lang. Det var nesten som å gå på folkehøgskule, berre at me måtte lage middagen (altså 8/9-tida) sjølv. Kveldane vart òg veldig lange for nokre. Me spelte billiard, fotballspel, ping pong, kortskalle, 10000 (eg lærte dei det festelege spelet) og høyrte god musikk. Heldigvis begynte me først kl 09.30 kvar morgon.

No er eg som sagt tilbake i Erfurt og eg har fri til neste tysdag faktisk, for på måndag er det 3.oktober. Det er herleg å ha fri. Eg har vaska og rydda rommet. Dei nyvaska kleda mine heng til tørk i sola og eg går i shorts. Her er det varmt! Til helga reiser eg til familien i Rüdesheim og blir der over nasjonaldagen. Eg gledar meg!

Livet i Witzenhausen

Sjongleringsballar

Kommentarar (1) »

Sommar’ferie’

Sommar’ferien’ på Sand er snart forbi. Til no har eg jobba i fleire veker, men i morgon har eg ferie og då reiser eg til Tyskland. Først skal eg vera med på ein speidarleir i ei veke på Lorelei og sidan skal eg jobbe som frivilleg i Erfurt.

Kommenter innlegget »

Det harde studentlivet

Medan andre studentar sit med nasen nede i pensum, sit Hanna å spelar Frecell og Word Challenge. Det er ikkje lett å kosentrere seg om skulearbeid, når ein snart skal ut på studietur og spesiellt ikkje når ein har undervisningsfri. Eg har ein haug med arbeid som eg kan og bør gjera, men det er kjekkare å pakke kofferten. På laurdag, tidleg på morgonen, går turen til Kiel. Der skal eg vera i to veker for å studere tysk. Eg har fått tildelt ein familie som eg skal bu hos, noko som eg gledar meg til. Ingenting er vell betre for tysken enn det.

Aksjon

Men kvardagen min er ikkje berre dataspel og koffertpakking for tida. Eg har mellom anna blitt med på å få Changemaker i Kristiansand opp å gå igjen, noko som eg trur kan bli veldig kjekt. Me hadde aksjon mot Oljeboring  på søndag og i februar, når eg kjem tilbake frå Kiel, skal eg på VinterSNU.

Setesdalhue

Elles går det sjølvsagt i strikking. Eg har strikka ei hue med mønster for første gang. Det var faktisk veldig moro og eg har begynt på mitt neste prosjekt. Eg er hekta på typisk norske mønster, slik som det på bilde.

Eg håpar foresten at våren kjem til syne, når eg er tilbake i frå Tyskland. Det er berre to veker til, så det må jo ha skjedd litt på den tida.

Kommentarar (2) »

Godt nyttår

No er eg tilbake igjen i Kristiansand, etter ein veldig lang og koseleg juleferie. Eg trur det må vera den lengste juleferien eg nokon gang har hatt – 14.desember til 10.januar. Ein kan jo ikkje klage på det, men det skal bli godt å begynne å studere igjen. Eg trur at eg klar for studiestart. Eg er iallefall veldig klar for studieturen som me skal ha i februar. Omlag to veker i Tyskland, er ikkje feil.

Elles gledar eg meg  til våren og eg håpar at det ikkje er så lenge til han kjem. Eg byrjar å bli lei av skiftande vêr, sjølv om eg er oppvaksen med det. På dagtid regnar det og snøen blir til slaps, medan det på kveldstid fryser på igjen og slike uheldige som meg kan skli på isen. *Bambi på isen* Kristiansand er og blir ein sommarby og eg ser fram til litt varme i lufta og litt grønt på trea,

I tillegg til å lengte etter andre årstider, i staden for å sette pris på den som er no, strikkar eg og les bøker. Eg har fått litt lesedilla trur eg, men det er sikkert fordi skulen ikkje har starta enda. No har eg veldig god tid til å gjera det eg har lyst til, men snart endar deg seg nok.

Kommentarar (1) »

Eksamenslesing og julestemning

Det er desember og eg har fått litt julestemning. Ute er det snø, på tv går Månetoppen, på torget er julegrana tent og eg syng julesangar for meg sjølv.  Den 1.desember åt eg dessutan årets første mandarin (eller klementin om du vil) og den var god!  Den samme dagen var eg på julebord på Color Line med kollektivet mitt. Det var foresten på julebordet eg fann mandarinen. Det var festeleg.

Julegrana på torget

Men skikkeleg julestemning kjem eg nok ikkje til å få, før eg kjem heim. Om ei veke er eg heime og eg gledar meg utruleg mykje! Tida går ikkje fort nok. Eg gledar meg til å sjå alle igjen. Det er så veldig lenge sidan sist.

Sidan sist har eg hatt to av tre eksamenar. Eg har berre ein igjen og den har eg neste veke. Det er godt å vite at ein er over halvvegs.

Elles les eg Julemysteriet kvar dag, for å kome litt i julestemning. Det er ei utruleg koseleg adventskalenderbok. Den bør lesast. Kvar dag er det eit nytt kapittel, eit for kvar dag i desember fram til julaften. Å sjå Månetoppen på nett-tv medan eg et frukost, er heller ikkje så verst. Det er ein herleg start på dagen.

I morgon startar eg for fullt (optimist) å førebu meg til den siste eksamenen: Tysk Litteratur. Det skal bli utruleg godt å bli ferdig med den.

Kommentarar (2) »

Ei lita oppdatering sidan sist

Nokre veker er gått sidan interrail og eg har opplevd ein del sidan då. Rett etter interrailen, skulle me i safari-klassen vera med på noko sprøtt. Me skulle ha gruppebyggjing/teambuilding med krik-klassen i tre dagar. Det var veldig slitsomt, men også kjekt.

Etter gruppebygginga var det haustferie. Det var utruleg godt å kome heim både til familie og venner (og mamma sin gode middag!). Familien min var ikkje heime så lenge, men det gjorde ingenting, fordi eg skulle jobbe. Eg jobba kvar dag og passa katten til naboen. Alt gjekk greitt, utanom den siste kvelden eg hadde jobba, då eg kom heim og såg ein stor svart bil i oppkjørselen vår. Det vart litt dramatikk og både den eine og den andre blei med på det vesle mysteriet for å finne ut kven sin bil det var og om det var nokre ubedne gjester heime hos meg. Heldigvis var det berre naboen sin bil, som eg ikkje hadde sett i mørket før.

Sidan tok eg turen austover. Neste stopp var Sagavoll. Det var godt å vera tilbake og treffa alle saman igjen. På søndagen då eg kom til skulen,  fann eg ut kva for nokre valfag eg hadde fått og eg var svært nøgd med dei. Apologetikk, kulturkonflikt på film, kondis og gitar. Den var interessant å få sjå den provoserande filmen «Religulous» og filmen Kautokeinoopprøret, jogge i oppoverbakke på glatt føre og ikkje minst lære litt av «When you say nothing at all» på gitar.

På torsdagen skulle det vera rollebryllaup og det var utruleg morosamt. Alle elevane på skulen hadde fått utdelt ei rolle og nokre hadde fått ei oppdrag dei måtte gjere. Eg fekk rolla «Inge B», ein lokal militærutstyrforhandlar. Eg hadde aldri møtt denne personen, men det var kjekt å spele han likevel.  Jan Thomas og kjæresten, Kong Harald, Ari Behn, Michael Jackson, Supermann, Harry Potter, Pippi og Aleksander Rybak var òg  i bryllaupet. Det var så kjekt å delta, fordi alle hadde kledd seg så bra ut. Rollebryllaup må oppleveast!

Det var ei lita oppdatering om kva som skjer her på Sagavoll.

Kommentarar (2) »

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.