Innlegg merka Håp

Kigali, Jinja, Maasai Mara

No har eg vore paa reis ei stund. Berre dei siste vekene, har eg vore i Rwanda, Uganda og Kenya. Desse landa grenser til kvarandre, men dei er likevel svaert saa forskjellege.

Rwanda er eit utruleg vakkert land. Det er groone skogar og hooge fjell. Dessutan er vegane der veldig fine og i heile landet har dei ei fartsgrense paa 60 km/t. Det er heller ikkje lov aa kaste boss paa gata, og om ein gjer det kan ein faa bot. I Kigali, hovudstaden i Rwanda,  besookte me AMU. AMU er eit dagtilbod for foreldrelause og aids-sjuke barn. Paa AMU kom barna for aa leike og syngje. AMU proovde dessutan aa finne fosterheim til desse barna, slik at dei skulle faa det betre. Elles besookte me to kyrkjer som staar igjen etter folkemordet. No fungerer dei som museum. Det var forferdeleg aa sjaa byggningane akuratt slik som dei vart forlatt i 1994. Paa den tida trudde folk at det var trygt aa opphalde seg i kyrkja, men det var ikkje saa trygt som dei trudde. Dei som drap skaante ingen, sjoolv om dei var i kyrkja. I tillegg til kyrkjene, besookte me ogsaa eit museum, som skildra folkemordet i Rwanda og andre folkemord. Eg vart rett og slett overaska over kor lite me faktisk har laert om folkemordet i Rwanda paa skulen. Det som dei fleste nordmenn tenkjer paa naar dei hooyrer aarstalet 1994, er nok OL. Me har laert om 2.verdskrig gjennom heile skulegangen, men kva med dei andre folkemorda? Det i Rwanda er jo berre 16 aar sidan. Det er skummelt. Eit tal som eg ikkje klarer aa glooyme etter museumsbesooket, er 1 million. 1 million menneske vart drept. 1/5 av Noreg si befolkning.

Sidan reiste me til Jinja, der me skulle vera i ein dag. Jinja var ein roleg og koseleg by. Eg likte meg veldig godt og kunne ha vore der mykje lenger. I Jinja besookte me CRO. Det er eit prosjekt for gatebarn. Gatebarn kjem tidleg om morgonen for aa leike eller gaa paa skule. I tillegg faar barna mat der. Men dei bur der ikkje. CRO er veldig opptatt av aa faa barna paa skule, saa dei sender dei rundt paa ulike skular i omraadet. I Jinja fekk eg ogsaa vera med paa ein baattur paa Nilen. Paa turen fekk eg sett ein svart kobra i eit tre og ein liten krokodille.

Dagen etter, reiste me rett til Maasai Mara. Maasai Mara er ein nationalpark i Kenya. Me hadde fatt beskjed om at me skulle bu i telt der, saa me var foorebudd paa det vaerste. Eg saag for meg ein svaer lavo, der heile klassen skulle sove. Men sjoolvsagt var det ikkje saa ille. Det me mootte var eit utruleg vakkert hotell. Eit skikkeleg rikmannshotell midt ute i busken. Ja, me budde faktisk i telt, men det var ikkje akuratt eit turtelt. Det var eit hotellromtelt med tregolv, bad(dusj, do og vask) og senger. Klassen var heilt maallaus. Paa dette hotellet hadde dei dessutan badebaseng, golf og andre kjekke aktivitetar. Sidan me var i ein nationalpark, saa maatte me jo paa safari. Paa safari saag me loover(ca 30stk.), flodhestar, elefantar, leopard, sjiraffar, antiloper, vortesvin, sebraer og mange andre villdyr. Det var utruleg kjekt aa sjaa.

Kommenter innlegget »

Afrika, ei reise for livet

Klassen min og eg har vore paa reis sidan 11.jan.2010, men me har ikkje hatt internettilgang foor no. Me har reist i Kenya og kom fram til Kampala (i Ugandar). No skal de faa hooyre litt om korleis eg har hatt det:

11.jan.2010 vart me henta paa flyplassen i Nairobi. Ein kan seie at me var noksaa slitne etter ein 10-timars flytur. Den varme lufta som traff oss paa flyplassen og den lange usystematiskekooen for aa faa visum, gjorde inntrykk paa oss. Daa me hadde henta bagasjen , saag me eit skilt i folkemengda, der det var skrive *Sagavoll Folkehoogskole*. Etter ei stund kom me fram til der me skulle sove og me var svaert klare for aa legge oss etter ein slitsom dag med mykje reising.

Dagen etter fekk eg sjaa Nairobi i dagslys. Det var ein utruleg fin hage der me budde. Det var kanskje ikkje saa mange blomar, men det var ein stor groon plen, nokre banantre og paa taket sat det nokre apekattar. Det var kanskje etter desse inntrykka at det gjekk opp for meg at eg faktisk var i Afrika. Sidan fekk me gaa litt rundt utanfor lokalet der me sov. Hovudvegane var av asfalt, medan dei mindre var av raud jord. Det var morosamt aa observere trafikken. Det var bilar som haedde skyhoog last paa taket og eg trurr ikkje at dei hadde klart seg i saa mange krappe svingar. Bilar  vart ogsaa stappa fulle, anten av folk eller ting. Somme menneske hang til og med ut av vindauget.

I loopet av den veka me var i Nairobi, opplevde me mykje forskjelleg:

-Kiberaslummen
-JamiiBora (Mikrofinans)
Ein organisasjon som gjer det mogeleg for fattige aa ta laan.
-Kaputhei
Er eit prosjekt som JamiiBora har jobba med. Det skal bli ein by for dei som klarer aa kome seg ut av slummen, ved hjelp av mikrofinans. I denne byen skal dei produsere alt sjoolv (takstein, murstein, smykke osv.). No hadde dei faatt seg mange hus der og det skulle kome fleire. Dei hadde faatt laga ein barneskule og  dei hadde dessutan planar om baade High School og Universitet.

Daa me hadde vore omlag ei veke i Nairobi, reiste med nordover i Kenya. Me reiste til Pokot. Pokot var foorskjelleg fraa det eg er vant med. Som lokalbefolkningen, skulle me bu i runde  jordhytter. Men dei me budde i var stoorre og hadde vindauge. Det var utruleg fint der me budde  (http://www.gg.rhul.ac.uk/MarichPass/). 100m fraa hyttene var det ei sandstrand og ei elv. Elva var ikkje spesiellt djup, men det var deilig aa faa kjoolt seg litt ned i varmen(50°C i sola).

I Pokot fekk me dessutan vera med paa gullgraving og fjelltur. Fjellturen gjekk til  Mount Koh. Paa fjelltoppen fekk me oppleve soloppgangen og det var fantastisk. Noko saa vakkert. Men gjett om eg er stool etter den fjellturen. I loopet av fjellturen fekk me overnatte hos nokre lokale som budde oppe i fjellsida. Det var spesiellt.

Saa reiste me vidare til Kampala og her er eg no.

Eg er i Afrika!

Kommenter innlegget »

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.