Innlegg merka Interesser

Heile Europa i Witzenhausen

I går sa eg ‘hadet’ til dei andre europeiske frivillige og reiste heim igjen til Erfurt. Dei siste ti dagane har eg nemleg vore på EVS-seminar i Witzenhausen. Då arbeidsgivaren min fortalde meg at eg skulle på eit ti dagar langt seminar, var eg ganske så skeptisk. Eg sa på tull, at eg heller ville arbeide. MEN eg er veldig glad for at eg reiste på innføringsseminaret. På dette seminaret gjekk det t.d. opp for meg, kva eg eigentleg er – EVS = European Voluntary Service. Greit å veta.

Til saman var me 21 frivillige. Alt i frå russarar til kinesarar (ok, det var berre ei i frå Kina) var på seminaret. Me lærte om identitet, rettar og plikter, forsikring, tysk historie, andre kulturar, leikar, språk og mykje anna. I tillegg lærte me om kvarandre sine interesser. Eg hadde eit dramakurs for ei lita gruppe. Dei skulle dramatisere “De tre bukkene bruse” på tysk. Det var utruleg moro å sjå på. Sjølv deltok eg på eit photoshopkurs og på eit sjongleringskurs. Begge deler var veldig kjekt. Eg har som mål å lære meg å sjonglere før nyttår. Eg har laga tre ballar av ballongar, ris og nylonstrømpebukser.

Desse ti dagane gjekk utruleg fort og eg saknar den sprø gjengen av frivillige. Me var med kvarandre dagen lang. Det var nesten som å gå på folkehøgskule, berre at me måtte lage middagen (altså 8/9-tida) sjølv. Kveldane vart òg veldig lange for nokre. Me spelte billiard, fotballspel, ping pong, kortskalle, 10000 (eg lærte dei det festelege spelet) og høyrte god musikk. Heldigvis begynte me først kl 09.30 kvar morgon.

No er eg som sagt tilbake i Erfurt og eg har fri til neste tysdag faktisk, for på måndag er det 3.oktober. Det er herleg å ha fri. Eg har vaska og rydda rommet. Dei nyvaska kleda mine heng til tørk i sola og eg går i shorts. Her er det varmt! Til helga reiser eg til familien i Rüdesheim og blir der over nasjonaldagen. Eg gledar meg!

Livet i Witzenhausen

Sjongleringsballar

Kommentarar (1) »

Oslotur

To veker går fort. Me reiste til Kiel i første veka av februar og ikkje lenge etter kom dagen som me skulle reise heim. Det var utruleg kjekt å vera i Kiel og eg har lært mykje tysk. Det var kanskje ikkje verdas finaste by, men undervisninga som me hadde på universitetet trakk veldig opp.

På fredag var det tid for å reise heim. Vertsfamilien min køyrte meg ned til terminalen og eg fekk sagt hadet til dei. På kaia møtte eg dei eg skulle reise med og me køyrte ombord i Kiel-ferja. Me hadde ein løyen tur og koste oss mykje. Det var dessutan ein bølge- og spyfri tur.

Me kom i land på laurdag morgon og eg reiste rett på VinterSNU. Det var ei kjekk helg, der eg traff mange nye, engasjerte og kjekke folk. Det var kanskje ikkje eit sjakktrekk å reise på leir, etter å har vore på studietur i to veker, men eg er likevel glad for at eg reiste. Sjølv om eg sleit med konsetrasjonen, fekk eg iallefall med meg litt. Eg budde dessutan hos ei klasseveninne denne helga, noko som var veldig koseleg. Me såg film, spelte spel og kika på rådyr som tusla rundt ute i hagen hennar.

I morgon skal eg tilbake til Kristiansand og eg gledar meg. Det er stress å leve i ein ryggsekk i over to veker. Eg ser ikkje spesiellt fram til alt skulearbeidet som ventar på meg i Kristiansand, men ein får vell berre hoppe i det. Snart er det påskeferie!

Det er heller ikkje så alt for lenge til eg treff familien min og det gledar eg meg iallefall til.

Kommentarar (1) »

Studietur

No har eg vore i Kiel sidan söndag og eg likar meg veldig godt. Turen inn til Kiel kunne sjölvsagt hatt vore meir behageleg, men reisefölget mitt og eg kom oss iallefall heile i land (meir eller mindre sjösjuke). Paa land vart me tatt i mot av vertsfamiliane vaare og me drog kvart til vaart.

Familien eg bur hos er utruleg k0seleg og festeleg og ingen dagar er utan humor og ironi. Dei likar godt aa spele brettspel, noko som eg er glad for. Eg trur ikkje at eg kunne faatt ein betre plass aa bu.

Kvar dag har klassen min og eg undervisning paa universitetet. Eg er svärt nögd med timane me har hatt til no. I fonetikktimen maatte me t.d. seie eit ord hundretusen ganger, for aa läre aa uttale det skikkeleg. Eit ord me fekk i oppgaave aa seie var ‘Ich’. Alle uttalte det heilt perfekt paa standardtysk – berre ikkje eg. Eg kom med min sörtyskevariant ‘Isjch’. Eg forklarte daa fonetikkläraren at eg hadde lyst aa snakke sörtysk. Han vart heldigvis nögd, daa eg i tillegg sa ordet paa standardtysk.

Elles har klassen min og eg vore paa tvstasjonen ‘NDR’ i Kiel. Der fekk me sjaa korleis nyhetene for TV og radio vart laga. Det var utruleg kjekt. Det er saa mykje som ikkje blir vist paa tv. Programleierane hadde mange vitsar og spökar innimellom, daa dei ikkje var paa lufta. Svärt saa festeleg.

Om nokre faa timar (5 timar) reiser eg til familien i Rüdesheim og eg gledar meg. Eg ser fram til ein 7-timars togtur.

Kommentarar (3) »

Mummitrolldilla

Dette bilde er nydeleg. Eg ville så gjerne hatt det på veggen min.

Kommenter innlegget »

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.