Innlegg merka Interrail

Interrail i europa

No er eg tilbake i heimlandet og eg har hatt ei fantastisk reise. Reisa mi starta søndag 13.september, då eg reiste til Oslo for å overnatte hos ei veninne. I Oslo gjekk me i Vigelandsparken, der me blei vist rundt av ein tysk guide frå Koblenz. Det hadde seg nemlig slik at me såg ei pensjonistgruppe som blei guida, og då tenkte me at me kunne spørje om me òg kunne få vera med. Me fekk lov! Det var kjekt. Eg var ikkje klar over at Sinnataggen var så liten. Eg var heller ikkje klar over at han hadde ei syster som sto nokre meter unna han.

På valgdagen, 14.september, skulle safari-gruppa møtast kl 06.30 på Oslo S. Etter det gjekk reisa i retning Sverige. Sidan reiste me gjennom Danmark, Tyskland og kom til slutt fram til målet vårt, Brüssel. I Brüssel budde me på “Van Gogh”, eit ungdomsherberg, som berre var eit par hundre meter frå metroen. Me var i Brüssel i 3 dagar. På dei dagane fekk me: Gått i mange sjokoladebutikkar, sitte i ein “Visit Brussels Line”-buss, besøkt Norway-House (Den norske EU-delegasjonen) og EU-parlamentet, stå på Grand place, vera i Tintin-butikken og tatt mange bilder av Manneken Pis. Mange i klassen bevegte seg også inn på eit jalla-kjøpesenteret (eit merkeleg lite senter med berre skinnjakke- og haremsbuksebutikkar + ingen andre kundar enn oss frå Sagavoll), for å få oss dei behagelege haremsbuksene til 15 euro. Elles var Brüssel ein veldig hektisk by der metroen var stappfull og folk for rundt i dress og slepte på tunge stresskoffertar.

Etter eit trivelig opphald i Brüssel, tok me turen vidare austover i europa. Turen gjekk no til Budapest. På nattoget til Budapest hadde me for lite liggekupear, så 4 personar måtte melde seg frivillig til å sove sitjande. Eg var ein av dei som sov i ein stol med 90º-rygg. Fantastisk. Det interessante med denne togturen var at eg vakna opp midt på natta av at nokon kom inn i kupeen vår. Eg snudde hovudet mitt mot vedkommande og såg personen rett inn i auga. Personen krossa seg og gjekk ut av kupeen vår og bort til kupeen ved sidan av. Etter ei stund sprang denne personen og ein til ut av toget i ein fei. Så såg eg dei springe på perongen. Han eine hadde ein oransje ryggsekk og han andre hadde ein sovepose. Eg er litt usikker på om det var ein draum eller om det faktisk skjedde. Men eg trur faktisk at det skjedde.

Dagen etter var me framme i Budapest. Sola skein, det var varmt og me var fullt påkledde. Læraren vår hadde laga eit utruleg kjekt opplegg til oss den dagen, så etter at me hadde komme oss til hostellet, Domino, vart me delt inn i grupper på 3. I desse gruppene skulle me: Ta u-banen, handle frukt utan å snakke engelsk, gå over ei bru som førte til andre sida av Donau, besøke  ei kyrkje og gå til Helteplassen/ Nyugati-stasjon. Elles åt me utuleg god mat, bada i ungarske bad (38ºC), gjekk til Margaret-øya, var på terror-museet og feira bursdagen til ei i klassen på eit koseleg konditori. Budapest var ein utruleg roleg og fredleg by. Ein kunne rett og slett slappe skikkeleg av.

Så kom dagen då me måtte forlate Budapest. Det var trist, men me hadde jo ei spanande reise framfor oss. Turen gjekk i retning Odense, der me skulle overnatte i ei kyrkje i ei natt. I Odense fekk me høyre koret, til den kyrkja me skulle overnatte i, syngje og sett H.C.Andersen sitt hus. Me hadde dessutan ei fin avslutning på reisa vår der.

Dagen etter reiste me til København, Göteborg og til slutt til Oslo. På Oslo S sa alle hadet til kvarandre og drog kvar til sitt. Ein gjeng på 6 (eg var ein av dei) reiste rett til Sagavoll med haukeliekspressen. Det var utruleg godt å komme “heim” og få sove lenge.

Tusen takk til Safari-klassen for ein fantastisk interrail!

Manneken Pis

Manneken Pis

Utsikt over Budapest

Utsikt over Budapest

Safari-elev har kløppt Hanna

Safari-elev har kløppt Hanna

Til alle dei som ikkje har vore på interrail: Det skal og må opplevast.

Kommentarar (6) »

Tannhjulkutt

Denne helga er det frihelg på Sagvaoll, men eg er ein av dei 14 (av 130) elevane som er igjen. Det er ganske stille kan ein seie. Kantina som pleier å vera stappfull og full av støy, er no omlag tom og nesten utan lyd. Det er heilt spesiellt.

På søndag (i morgon) reiser eg til Oslo, og på mandag kl 07.00 reiser Safari-klassen på togtur i europa. Me gledar oss! Eg har pakka ein 50 l-sekk, men eg lurer på om eg skal klare å ta vekk litt klede og diverse tull, slik at eg får meir plass til suveninrar. Eg har mellom anna bestemt meg for å droppe boka Breaking Dawn (frå Twilight-serien), fordi den er tjukk og fordi at eg veit at eg ikkje kjem til å lese i den uansett. Eg trur eg får nok med det nye strikkeprosjektet mitt: Babygenser. Den blir så fin!

I går var eg foresten på terengsykkeltur i Bø/Gvarv-området. På denne turen holdt eg nesten på å velte, men i staden for å gjere det, spidda eg leggen min på det eine tannjulet. 

(Tannhjul (av tann 2) hjul med utvendig el. innvendig krans av tenner i jamn avstand som grip inn i tilsvarande mellomrom på eit anna tannhjul el. ei tannstong og såleis blir brukt til å overføre kraft og til å minske el. auke farten ved roterande rørsle i maskinar; jf *tannstong)

Greit, eg spidda nok ikkje foten min, men eg fekk eit taggete kutt.

Her på Sagavoll skjer det også litt sprell. I natt var det nokre pøblar (pøbel?) på Sagaheim, etasjen der eg bur. Dei (han?) hadde bytta rundt på alle namneskila på dørene, knyta saman skoa våre og sist men ikkje minst hengt mange jakker på gardinstengene i stova vår. Festelig.

Kommentarar (2) »

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.