No er eg tilbake igjen i Kristiansand, etter ein veldig lang og koseleg juleferie. Eg trur det må vera den lengste juleferien eg nokon gang har hatt – 14.desember til 10.januar. Ein kan jo ikkje klage på det, men det skal bli godt å begynne å studere igjen. Eg trur at eg klar for studiestart. Eg er iallefall veldig klar for studieturen som me skal ha i februar. Omlag to veker i Tyskland, er ikkje feil.
Elles gledar eg meg til våren og eg håpar at det ikkje er så lenge til han kjem. Eg byrjar å bli lei av skiftande vêr, sjølv om eg er oppvaksen med det. På dagtid regnar det og snøen blir til slaps, medan det på kveldstid fryser på igjen og slike uheldige som meg kan skli på isen. *Bambi på isen* Kristiansand er og blir ein sommarby og eg ser fram til litt varme i lufta og litt grønt på trea,
I tillegg til å lengte etter andre årstider, i staden for å sette pris på den som er no, strikkar eg og les bøker. Eg har fått litt lesedilla trur eg, men det er sikkert fordi skulen ikkje har starta enda. No har eg veldig god tid til å gjera det eg har lyst til, men snart endar deg seg nok.
