Innlegg merka Konkurranse

Folkehøgskulelivet nærmar seg slutten

No er det berre 3,5 veke igjen til eg reiser heim til Sand. Tida går utruleg fort! Men før den tid skal eg gjera mykje kjekt på Sagavoll. Neste søndag, den 25.april, er det mellom anna CRO-løp her. Alle på skulen skal springe/gå så mange rundar som dei klarer, og for kvar runde samlar dei inn pengar til gatebarn-prosjektet som skulen har i Uganda. Eg skal kle meg ut som ein flamingo og springe nokre rundar. Dersom nokon har lyst til å sponse meg, er det berre til å seie i frå. Ein runde er på 1km og løpet varer i 2 timar. De støttar ei god sak!

http://www.croug.org/

Kommenter innlegget »

«I dag er det 7.desember…» – og eg er sengeliggjande og ernærer meg på salt kjeks og cola

Her på Sagavoll er det veldig advent for tida. Alle etasjane er mellom anna med i ein julepyntkonkurranse. Nokre tykkjer at litt granbar og nokre stearinlys er grei pynting, medan andre dekorerer etasjen sin med farga blinkelys, blitslys og strippestang. Kvar har sin smak. I tillegg til pyntekonkurranse, har me òg hatt peparkakehuskonkurranse. Etasjen min stilte opp med eit kapell med glasvindauge, noko som det viste seg at nesten alle andre òg hadde.

Elles blir det vist Amalies Jul kvar dag i tv-stova og det er moro å sjå kor mange som møter opp. Det plar sikkert vere omlag 30-40 elevar. I tillegg til å sjå Amalies Jul les eg Julemysteriet, som forresten er ei utruleg koseleg bok. Julemusikk blir også spelt på rommet og etasjen. Helst vil eg berre høyre Oslo Gospel Choir, fordi det er den musikken eg kjem i julestemning av, men sjølvsagt er eg open for mykje anna òg. Mamman min har vore så koseleg å sendt meg pakkekalender, så den prydar veggen min. Eg har òg ein siste adeventskalender; Appelsin med nellik.

Sist veke hadde me snø her i Gvarv og det vart laga nokre snømenn. Då hadde eg vell skikkeleg julestemning. No har vell mesteparten av snøen regna vekk, men det kjem sikkert ny snø snart. Eg hadde forresten oppvaskveke sist veke (Frå måndag til og med torsdag). Det var eigentleg ganske moro, men på torsdagen var det ikkje fullt så kjekt. Då vaska me sikkert opp i over 2 timar, grunna eit festmåltid med dessert. Me vart ferdige 45 minuttar før kveldsmat, då me hadde ein ny oppvask som venta oss. På torsdagen hadde me òg juleverkstad. Eg var med på: Julekort, Ull/Toving og julefilm.

Dei siste vekene har eg dessutan fått nokre nye valfag. På måndagar har eg kvardagspsykologi og på fredagar har eg basketball og glas. Alle faga er kjekke på kvar sin måte.

Elles presterte eg å tryne på rommet mitt for nokre veker sidan. Eg skulle opne opp døra mi ein morgon då det banka på, men før eg kom så langt låg eg på golvet. Det var ein morosam måte å vakne skikkeleg opp på.

Hanna akkurat no:
- Sjuk
- Litt lite julestemning
- Lei av å sove
- Gleder seg til å bli frisk!

Kommenter innlegget »

1,5 veke igjen

No har eg vore på Sagavoll i litt over 2 veker og  tida går utruleg fort.
Det kjennest ut som første skuledag, berre at eg kan litt fleire namn no då.

Her på skulen skjer det noko heile tida.  Dei to siste helgene har me hatt volleyballturnering med utkledning og kakekonkurranse. Under volleyballturneringa kledde etasjen min, Sagaheim, seg ut i 80-tallsklede. Diverre fekk me ingen diplom for utkledningen vår, men helga etter stilte me opp med ei 6-lags-sjokoladekake  og vann prisen for søtaste kake. Den kaka vart laga med godt samarbeid og to lange dagar med hardt arbeid.

kake

I tillegg til desse aktivitetene har eg også hatt dei to første valgfaga mine: terengsykling og friluftsliv haust. Begge faga er like kjekke og eg ser fram til neste gang. På terengsyklinga på fredag, tok me ein sykkeltur i skauen og sykla på smale skogsvegar. Eg er stolt over at min gamle DBS (utan demperar) klarte denne farlege turen. På friluftslivturen gjekk med opp i skogen og plukte blåbær og steikte pannekakker/lappar. Det var kjempekoselig. Eg trur at dei blåbæra som veks her, er dei største eg nokon gang har sett!

Eg set foresten pris på Grey’s Anatomy-kveldane, der omlag alle jentene på skulen sit samla.

Elles er det 1,5 veke igjen til folka på Safari-linja (dvs. klassen og eg) reiser på interrail. Me gledar oss veldig til mange timar på tog. Turen går då til Brüssel og Budapest, men programmet veit me ikkje så veldig mykje om enda.

Kommentarar (4) »

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.