Innlegg merka Litteratur

Det er snart desember

Det er faktisk snart desember og eg klarer nesten ikkje vente. Eg tenkjer meir på jul, ferie og advent, enn eksamen. Det er litt farleg, men eg skal bli flinkare til å konsentrere meg! Eg har laga meg ein leseplan, så det skal nok gå bra. Eg kjem nok til å tilbringe ein del tid oppe på skulen dei nærmaste dagane, sidan eg jobbar mykje betre der enn heime.

Elles har me hatt snø her i Kristiansand, men den forsvann ganske fort og vart til is. Eg ser fram til den neste, skikkelege snøen kjem. Sjølv om det ikkje er snø, er det grusomt kaldt her. Det er kanskje på tide å legge vekk joggeskoa og regnjakka. Eg er ufatteleg dårleg til å kle meg etter vêret.

Eg kan foresten anbefala ei utruleg fin bok: Momo
Den bør lesast!

Fleire oppdateringar kjem etter kvart. Eg skal bli flinkare til å skrive på bloggen.

Kommentarar (2) »

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.