Innlegg merka Nostalgi

Ich fliege nach Oslo

Nei, eg likar det ikkje. Hadde eg bestilt reisa mi sjølv, hadde eg iallefall ikkje valgt å fyka. Innanlandsfly er noko av det verste eg veit. Det er ikkje spesiellt miljøvennleg og i mitt tilfelle er det upraktisk. Tog eller buss hadde derimot vore  betre alternativ, sidan stasjonane ligg i sentrum og ikkje i skauen.

Men eg gledar meg til Tysk-Norsk Ungdomsforum i Oslo! Det skal bli moro å snakke tysk med tyskerar. Eg gledar meg allereie. Eg gledar meg ikkje til å stå opp litt før 6 i morgon tidleg, men det er ei anna sak.

No skal eg høyre den gamle kasetten min ”Madita und Pims” (på tysk sjølvsagt), for å varme opp til ei helg med mykje tysk.

Kommentarar (2) »

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.