No har eg vore paa reis ei stund. Berre dei siste vekene, har eg vore i Rwanda, Uganda og Kenya. Desse landa grenser til kvarandre, men dei er likevel svaert saa forskjellege.
Rwanda er eit utruleg vakkert land. Det er groone skogar og hooge fjell. Dessutan er vegane der veldig fine og i heile landet har dei ei fartsgrense paa 60 km/t. Det er heller ikkje lov aa kaste boss paa gata, og om ein gjer det kan ein faa bot. I Kigali, hovudstaden i Rwanda, besookte me AMU. AMU er eit dagtilbod for foreldrelause og aids-sjuke barn. Paa AMU kom barna for aa leike og syngje. AMU proovde dessutan aa finne fosterheim til desse barna, slik at dei skulle faa det betre. Elles besookte me to kyrkjer som staar igjen etter folkemordet. No fungerer dei som museum. Det var forferdeleg aa sjaa byggningane akuratt slik som dei vart forlatt i 1994. Paa den tida trudde folk at det var trygt aa opphalde seg i kyrkja, men det var ikkje saa trygt som dei trudde. Dei som drap skaante ingen, sjoolv om dei var i kyrkja. I tillegg til kyrkjene, besookte me ogsaa eit museum, som skildra folkemordet i Rwanda og andre folkemord. Eg vart rett og slett overaska over kor lite me faktisk har laert om folkemordet i Rwanda paa skulen. Det som dei fleste nordmenn tenkjer paa naar dei hooyrer aarstalet 1994, er nok OL. Me har laert om 2.verdskrig gjennom heile skulegangen, men kva med dei andre folkemorda? Det i Rwanda er jo berre 16 aar sidan. Det er skummelt. Eit tal som eg ikkje klarer aa glooyme etter museumsbesooket, er 1 million. 1 million menneske vart drept. 1/5 av Noreg si befolkning.
Sidan reiste me til Jinja, der me skulle vera i ein dag. Jinja var ein roleg og koseleg by. Eg likte meg veldig godt og kunne ha vore der mykje lenger. I Jinja besookte me CRO. Det er eit prosjekt for gatebarn. Gatebarn kjem tidleg om morgonen for aa leike eller gaa paa skule. I tillegg faar barna mat der. Men dei bur der ikkje. CRO er veldig opptatt av aa faa barna paa skule, saa dei sender dei rundt paa ulike skular i omraadet. I Jinja fekk eg ogsaa vera med paa ein baattur paa Nilen. Paa turen fekk eg sett ein svart kobra i eit tre og ein liten krokodille.
Dagen etter, reiste me rett til Maasai Mara. Maasai Mara er ein nationalpark i Kenya. Me hadde fatt beskjed om at me skulle bu i telt der, saa me var foorebudd paa det vaerste. Eg saag for meg ein svaer lavo, der heile klassen skulle sove. Men sjoolvsagt var det ikkje saa ille. Det me mootte var eit utruleg vakkert hotell. Eit skikkeleg rikmannshotell midt ute i busken. Ja, me budde faktisk i telt, men det var ikkje akuratt eit turtelt. Det var eit hotellromtelt med tregolv, bad(dusj, do og vask) og senger. Klassen var heilt maallaus. Paa dette hotellet hadde dei dessutan badebaseng, golf og andre kjekke aktivitetar. Sidan me var i ein nationalpark, saa maatte me jo paa safari. Paa safari saag me loover(ca 30stk.), flodhestar, elefantar, leopard, sjiraffar, antiloper, vortesvin, sebraer og mange andre villdyr. Det var utruleg kjekt aa sjaa.