Innlegg merka Schwein Design

Hausten kjem

Det er kaldt, sola skin og lauva har mange fine fargar. Eg er overraska over kor fort tida går. Hasutmånadane plar eigentleg å gå veldig seint, men ikkje i år. Snart er det jo eksamen.

Men før eksamen kjem, så skal eg kose meg mykje med obligatoriske tyskoppgåver. Det skal bli godt å bli ferdig med dei. Heldigvis har eg anna på programmet enn berre lekser. Neste veke skal eg på Tysk-Norsk Ungdomsforum. Eg har aldri vore på det før, men eg trur at det kan bli veldig kjekt. Tyske og norske ungdommar skal samlast i Oslo og bli kjent med kvarandre. 

Elles så har dette skjedd sidan sist:
- Eg har fått dyne! (Eg sov i sovepose fram til sist helg)
- Schwein Design har fått seg blogg: www.schweindesign.wordpress.com
- Eg har fått ein ekstrahjelpjobb på ein matbutikk

Rommet mitt den første veka

Haustbilde i Baneheia

Kommentarar (2) »

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.