Innlegg merka Sjukdom

«I dag er det 7.desember…» – og eg er sengeliggjande og ernærer meg på salt kjeks og cola

Her på Sagavoll er det veldig advent for tida. Alle etasjane er mellom anna med i ein julepyntkonkurranse. Nokre tykkjer at litt granbar og nokre stearinlys er grei pynting, medan andre dekorerer etasjen sin med farga blinkelys, blitslys og strippestang. Kvar har sin smak. I tillegg til pyntekonkurranse, har me òg hatt peparkakehuskonkurranse. Etasjen min stilte opp med eit kapell med glasvindauge, noko som det viste seg at nesten alle andre òg hadde.

Elles blir det vist Amalies Jul kvar dag i tv-stova og det er moro å sjå kor mange som møter opp. Det plar sikkert vere omlag 30-40 elevar. I tillegg til å sjå Amalies Jul les eg Julemysteriet, som forresten er ei utruleg koseleg bok. Julemusikk blir også spelt på rommet og etasjen. Helst vil eg berre høyre Oslo Gospel Choir, fordi det er den musikken eg kjem i julestemning av, men sjølvsagt er eg open for mykje anna òg. Mamman min har vore så koseleg å sendt meg pakkekalender, så den prydar veggen min. Eg har òg ein siste adeventskalender; Appelsin med nellik.

Sist veke hadde me snø her i Gvarv og det vart laga nokre snømenn. Då hadde eg vell skikkeleg julestemning. No har vell mesteparten av snøen regna vekk, men det kjem sikkert ny snø snart. Eg hadde forresten oppvaskveke sist veke (Frå måndag til og med torsdag). Det var eigentleg ganske moro, men på torsdagen var det ikkje fullt så kjekt. Då vaska me sikkert opp i over 2 timar, grunna eit festmåltid med dessert. Me vart ferdige 45 minuttar før kveldsmat, då me hadde ein ny oppvask som venta oss. På torsdagen hadde me òg juleverkstad. Eg var med på: Julekort, Ull/Toving og julefilm.

Dei siste vekene har eg dessutan fått nokre nye valfag. På måndagar har eg kvardagspsykologi og på fredagar har eg basketball og glas. Alle faga er kjekke på kvar sin måte.

Elles presterte eg å tryne på rommet mitt for nokre veker sidan. Eg skulle opne opp døra mi ein morgon då det banka på, men før eg kom så langt låg eg på golvet. Det var ein morosam måte å vakne skikkeleg opp på.

Hanna akkurat no:
- Sjuk
- Litt lite julestemning
- Lei av å sove
- Gleder seg til å bli frisk!

Kommenter innlegget »

Sjukeheim

Dei siste dagane har Sagaheim, internatet som eg bur på, forandra seg til ein sjukeheim. 5 av 14 jenter er sengeliggjande, medan resten snufsar, har vondt i halsen eller frys. Elles er det omlag 40 av 130 elevar på skulen som har fått svineinfluensa. Dei som framleis er «friske» av elevane, fungerer som sjukesystrer. Me hentar fire måltid, ringjer husmor når det skal målast temperatur og gjer anna sjukesyster-arbeid. Eg for min del er slakk (men ikkje sengeliggjande), har litt vondt i halsen og smerte i begge armane.

Elles har me det bra. Safari-klassen er mellom anna eit steg nærmare Afrika. I går var me på helsestasjonen, for å ta 3 vaksinar: Twinrix, gulfeber og polio. Me har også begynt å lære om Kenya. To medelevar og eg fortalde klassen om Pokot-området.

Pokot er ei etnisk gruppe og eit landområde nordvest i Kenya. Landområdet består av høge fjell, djupe dalar og eit totalareal på 9100 km2 . Klimaet varierer frå tørre savannar til frodige fjellsider. Pokotane er delt opp i to grupper: Pokotane i høglandet og slettepokotane. Pokotane i høglandet lever hovudsakleg av jordbruk, medan slettepokotane er nomadar og kvegfolk. Elles bur pokotane i jordhytter med stråtak og ofte i lag med husdyra sine.

Andre lærte oss litt swahili, historie og geografi. Alle desse foredraga var spanande og eg ser fram til reisa som startar 11.01.10. Ei reise i fem veker gjennom tre land.

I denne mørke novembermånaden har eg hatt eit par kjekke valfag som har lyst opp kvardagen. Gitar og kulturkonflikt på film har vore kjekt og spanande. Eg har mellom anna begynt å øve på julesongar, noko som gir meg veldig mykje julestemning. (Litt tidleg?) I dag hadde eg kulturkonflikt på film, der me såg filmen «Ikke uten min datter». Den var utruleg sterk og eg anbefaler den.

I tillegg til å pusle på med valfag, har eg også hatt litt fritid. I fritida har eg vore ein del på keramikken. Eg må heller ikkje gløyme å fortelje at strikketøyet mitt følgjer med meg kvar eg enn går. Uansett lysstyrke, så er strikketøyet med. De kan berre glede dykk til jul!

Kommenter innlegget »

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.