To veker går fort. Me reiste til Kiel i første veka av februar og ikkje lenge etter kom dagen som me skulle reise heim. Det var utruleg kjekt å vera i Kiel og eg har lært mykje tysk. Det var kanskje ikkje verdas finaste by, men undervisninga som me hadde på universitetet trakk veldig opp.
På fredag var det tid for å reise heim. Vertsfamilien min køyrte meg ned til terminalen og eg fekk sagt hadet til dei. På kaia møtte eg dei eg skulle reise med og me køyrte ombord i Kiel-ferja. Me hadde ein løyen tur og koste oss mykje. Det var dessutan ein bølge- og spyfri tur.
Me kom i land på laurdag morgon og eg reiste rett på VinterSNU. Det var ei kjekk helg, der eg traff mange nye, engasjerte og kjekke folk. Det var kanskje ikkje eit sjakktrekk å reise på leir, etter å har vore på studietur i to veker, men eg er likevel glad for at eg reiste. Sjølv om eg sleit med konsetrasjonen, fekk eg iallefall med meg litt. Eg budde dessutan hos ei klasseveninne denne helga, noko som var veldig koseleg. Me såg film, spelte spel og kika på rådyr som tusla rundt ute i hagen hennar.
I morgon skal eg tilbake til Kristiansand og eg gledar meg. Det er stress å leve i ein ryggsekk i over to veker. Eg ser ikkje spesiellt fram til alt skulearbeidet som ventar på meg i Kristiansand, men ein får vell berre hoppe i det. Snart er det påskeferie!
Det er heller ikkje så alt for lenge til eg treff familien min og det gledar eg meg iallefall til.