Det blir vår! Fuglane syng når eg går på jobb og folk rundt meg (inkludert meg sjølv) er i mykje betre humør. Det er fint å kunne sleppe boblebuksa og ulltrøya. Eg ser fram til shorts-vêr (det er vell berre 10ºC igjen).
Den 16.februar, bursdagen min, «feira» eg i Rüdesheim am Rhein. Heile kvelden var eg i 18-årsdagen til ei veninne av meg. Gjett om eg følte meg gammal, til tross for det flotte fargeblyantkostyme. Dagen etter gjekk eg 20km på Rheinsteig i lag med tantene mine og på kvelden var eg på karneval-disco for ungdommen i Rhindalen. Det var kanskje ikkje heilt mi greie og det hjelpte heller ikkje at eg ikkje kjente ei sjel der. I løpet av helga fekk eg også med meg eit karneval-tog. Det kan vell eigentleg samanliknast pittelitt med eit 17.mai-tog (men òg berre pittelitt). Toget består av forskjellige vogner, alt i frå lokomotiv til hest, som mest sannsynleg blir dratt av ein grøn traktor. På fortauet står folk og samlar snopet som blir kasta i frå toget. Festfaktoren i karneval-toget er mykje høgare enn det den er i 17.mai-toget heime hos oss. Toget begynte å gå kl 14.00 og då var deltakarane i toget i full gang med å tømme det dei hadde av drikkevarer og var ikkje diskret i det heile tatt. Det var vell heller få som gjekk utan noko flytande. Elles fekk eg mange koselege bursdagshelsingar på dagen. Tvserien «Monarch of the Glen» (også kjent som Kar for sin kilt) var nett det eg ønskte meg. På søndagen reiste eg tilbake til Erfurt og var ganske nervøs for den kommande veka.
Denne torsdagen hadde eg nemleg «Norwegischer Abend // Norsk kveld» her i Erfurt. Eg var overraska over kor mange som møtte opp. På denne norske kvelden, fortalde eg litt om historie, geografi, nynorsk/bokmål/samisk, politikk, 17.mai og sjølvsagt Sand, perlå i Ryfylke. I tillegg fortalde eg ei segn i frå Suldal, song «Jeg gikk en tur på stien» med dei og hadde ein vanskeleg quiz med dei. Vinnaren av quizen fekk ei lita handlaga bok med fire norske oppskrifter: Fiskepudding, rømmegraut, bollar og vaflar. Desse rettane, utan om fiskepuddingen, vart servert denne kvelden og alt vart ete opp.
I kveld og resten av helga skal eg slappe av, sidan eg neste veke skal vera med å leia teamtreninga på ein klassetur. Det blir spanande. God helg og kos dykk med karnevalmusikk i frå Tyskland: her, her og her. Helau!







