Rheinsteigstur og Pfingstcamp

No er det mindre enn 2 veker til eg  reiser i frå Tyskland. Det er veldig rart.

For to veker sidan var eg på den berømte Rheinsteigsturen min med EVS-vener (ein i frå Russland og to i frå Tsjekkia). Me hadde ein utruleg flott tur. Me gjekk 3 dagar langs Rhinen, i frå Osterspai til Rüdesheim,  og hadde to overnattingar i «Regenschutzhütten». Sola skein, motivasjonen var på topp og heftige diskusjonar innanfor politikk og tysk grammatikk var viktige deler av turen. Då me kom fram til Rüdesheim besøkte me slekta mi. Det var sjølvsagt veldig kjekt å treffa dei igjen!

I helga som var, var det «Pfingstcamp» og eg var med som workshopsleiar for klatring. Det var veldig spanande å klatre i tyske fjell, men også veldig skummelt. Sidan det ikkje var så mange klatreinteresserte ungar, fekk eg også vera med på geo-caching. Det er på ein måte som orientering, berre at ein brukar GPS i staden for kart og kompass – veldig festelig. Leiren var alt i alt super og det fantastiske vêret som me hadde, var heller ikkje feil.

Den fantastiske soveposen min. Ekstremgrader: 0°C. Ja, eg frøys!

Leave a comment »

10 Monate gehen so schnell rum

Det er nesten som om eg flytta til Erfurt i går. Det er rart kor fort tida går, spesielt no når våren og finveret er her. Eg brukar kvart einaste frie minutt til å vera i sola. Sist veke sykla ein kollega og eg i frå Erfurt til Hainich-Nasjonalpark. Der var det utruleg fint! Slik ein grønfarge på trea ser ein berre tidleg på våren, trur eg. På vegen sykla me òg forbi svære jorder med raps. Sola skein (og ja, eg vart solbrent. Og nei, eg smurde meg ikkje nok inn med solkrem.) Det var iallefall ein fantastisk tur.

Elles lever eg litt i «nuet» for tida og prøver å få gjort mest mogeleg kjekt, i løpet av kortast tid. Det er ikkje spesielt lett, men veldig moro. Eg har mellom anna sett «Russendisko» på kino, Peter Pan som dokketeater, vore i Freibad (utandørsbasseng), Klatra i EGA og i buldrehall, strikka i regnet og sett ein fantastisk by: Leipzig! Sidan det er så mange fridagar neste veke, skal nokre vener og eg bruke dei på å gå Rheinsteig. Det er ein tursti som strekkjer seg langs Rhinen. Eg håpar på fint ver og mange plussgrader. Soveposen min er nemleg i tynnaste laget og er ikkje egna for kalde netter. Ein billett til ein musikkfestival i nærleiken av Ulm er òg i boks.

Utanom fritida mi, er eg sjølvsagt òg på jobb. Det er veldig spanande og eg har lært utruleg mykje i løpet av desse månadane. Teamtreningar, SFO-tilbod (med naturfageksperiment), leirar, foredrag, ungdomsklubb-arbeid og sjølvsagt kontorarbeid, er vell i grove trekk det eg held på med. Ein slik sjanse får ein ikkje ofte og eg er utruleg glad for at eg har fått mogelegheita til å jobbe med barn og unge i Erfurt. «Fisken i det røde av» og «Gi et lite vink» på tysk, kva er vell ikkje kjekkare enn det? Eg kan berre anbefala eit slikt år, som EVS, på det sterkaste!

Hanna i «Freibad»

Jorde med raps

Fine Leipzig med «innsjø»

Comments (3) »

JuLeiCa & «Bürgermeisterwahl»

For to veker sidan var eg i Giessübel med Naturfreundejugend, for å ta Gruppeleiarkortet (JuLeiCa = Jugend Leiter Card). Det var veldig rart å gå på «skule» igjen. Konsentrasjon? Nei. Med dette fantastiske kortet, kan eg vera med som gruppeleiar på leir og seminar for barn og ungdom  i Tyskland.

I Erfurt skin sola, det er grønt og kvar dag blir det varmare og varmare. I det fine veret gjekk eg i lag med nokre vener, for å stemme på borgermestervalget. Det kan jo bli spanande å sjå kven som får flest stemmer.

Comments (2) »

April, April, der macht, was er will!

Det er blitt april og eg spør meg sjølv kvar januar, februar og mars blei av. Eg har berre 9 veker igjen i Tyskland. Det er veldig rart, kor fort tida flyr.

For nokre helger sidan, var eg i Bayern, rettare sagt i Regensburg, og besøkte ei veninne som jobbar som frivillig der. Det var veldig kjekt å reise vekk ei helg, men den togturen treng eg ikkje igjen. Det var keisamt å reise 10 timar (t/r) åleine med tog. I løpet av helga fekk eg sett både Regensburg og München (og Nürnberg-togstasjon). I tillegg fekk eg høyra forskjellige dialektar i frå Bayern. Det var nesten som å høyre eit anna språk: Mia sa mia (=Wir sind wir).

Helga etter, fekk eg besøk i frå Noreg. Eg hadde sjølvsagt fortald dei om kor varmt det var i Erfurt, men trur de ikkje at det svart iskaldt då dei kom på besøk? Besøket var kort, men koseleg. Me gjekk rundt i byen, handla og pakka all bagasjen min i bilen deira. No har eg nesten ingenting på hybelen lenger.

Denne veka har eg besøk av søskenbarna mine og tanten min. Eg er nemleg «teamerin» (leiar) på Osterferienspiele, der søskenbarna mine òg er deltakarar. I frå måndag til torsdag jobbar eg frå 9-17. Heile dagen er me ute på ei eng, der me leiker forskjellige leikar og lager påskedekorasjonar. Eg har aldri vore så sliten etter ein arbeidsdag. «Fisken i det røde hav», «Boksen av», planta karse, laga påskekorg, laga bål og male påskeegg er nokre av aktivitetane me har gjort til no. I tillegg til å vere ansvarleg for alle ungane er eg òg kokk. I dag steikte eg sikkert fleire titals pannekaker.

I morgon reiser eg i lag me tanten min til Rüdesheim, for å besøke slekta. Eg gledar meg!

Kyrkje i München

...og eg som trudde at "Lederhosen" og "Dirndel" berre var oppskrytt. I Bayern er det kultur, har eg forstått. (Ein på toget hadde visst 4 Lederhosen!!)

Kyrkje i Regensburg

Kjærleikshengjelåsar på ei bru i Regensburg

Comments (1) »

Ei strålande helg

Ikkje nok med at fredagen kom og det var helg, men jammen vart det 21 varmegrader i same slengen. Eg trur det er første gongen eg opplever sommartemperaturar i midten av mars. Eg klagar iallefall ikkje! Då dagen var på sitt varmaste, for kollegaen min og eg opp til «Naturfreunde-Wiese» (ei eng) med Erfurt sin beste is i handa, for å grave vidare på dammen vår. Eg grov vell heller mindre, for å vera ærleg. Eg underhaldt dei heller med «Psychospiele», som er gjetteleikar der du skal finne ut kva forteljaren er ute etter. Det er utruleg moro, men samtidig frustrerande når ein bruker hundre år på finne løysinga.

Dagen etter reiste eg med ei veninne til Eisenach, for å sjå på ein vårparade. Tja, eg har vell sett betre, men det var sol og fint ver så det var iallefall verdt turen. Eg kjem sikkert til å reise tilbake til byen, for den var veldig fin og oversiktleg. Etter paraden for eg tilbake til Erfurt, for å halde foredraget mitt om Noreg til nokre vener. Eg laga også rømmegraut (i frå botn av!!) til dei og den smakte overraskande godt.

Brått var helga forbi og det var søndag. Eg vakna som vanleg kl 8 og tok turen innom facebook, der eg fekk tilbodet av ein kollega om å vera med å på ein sykkeltur til Jena. Det var ein utruleg fin tur og eg reiser definitivt tilbake til både Weimar og Jena igjen. Sidan det er søndag, må eg også sjå «Tatort» no.

Vår i Erfurt

Shortsvêr i Erfurt!

Paraden

Planetariumet i Jena

Rittersport i Jena

Leave a comment »

Tips: Lås aldri nøklane inne!

Eg ante fred og ingen fare då eg tok nøkkelknippet mitt og skunda meg ned til byen for å vera med på minnestunda til Fukushima. Etter minnestunda for eg til ei veninne for å hjelpe henne med strikkeprosjektet hennar. Då eg var ferdig gjekk eg heim og fann fort ut kva eg hadde stelt i stand. Eg skulle til å låse opp døra, då eg oppdaga at husnøklane mangla på nøkkelknippet. Mobilen hadde eg heller ikkje med meg (men det var jo ikkje noko nytt). Eg ringte difor på hos naboen og ho opna ytterdøra for meg. Ein annan nabo kom fort til utsetting og fann fram verktøy og plastikk-kort, for å prøve å dirke opp døra. Dei prøvde òg å kome seg inn baderomsvindauget. I ca 1 time prøvde dei å hjelpe, men dei fekk ikkje opp døra (heldigvis!?). Då var det ingenting anna å gjera enn at eg måtte reise med tog i 2 timar tilsaman, for å hente nøkkelen til han som eg bur i lag med. No er eg i leilegheita og det er fantastisk! Eg kan vell vera glad for at eg berre betalte 7 Euro for tog, i staden for 300 Euro til «Schlüsseldienst». Tips: Lås aldri nøklane inne!

Leave a comment »

…og der var me på plussida!

Det blir vår! Fuglane syng når eg går på jobb og folk rundt meg (inkludert meg sjølv) er i mykje betre humør. Det er fint å kunne sleppe boblebuksa og ulltrøya. Eg ser fram til shorts-vêr (det er vell berre 10ºC igjen).

Den 16.februar, bursdagen min, «feira» eg i Rüdesheim am Rhein. Heile kvelden var eg i 18-årsdagen til ei veninne av meg. Gjett om eg følte meg gammal, til tross for det flotte fargeblyantkostyme. Dagen etter gjekk eg 20km på Rheinsteig i lag med tantene mine og på kvelden var eg på karneval-disco for ungdommen i Rhindalen. Det var kanskje ikkje heilt mi greie og det hjelpte heller ikkje at eg ikkje kjente ei sjel der. I løpet av helga fekk eg også med meg eit karneval-tog. Det kan vell eigentleg samanliknast pittelitt med eit 17.mai-tog (men òg berre pittelitt). Toget består av forskjellige vogner, alt i frå lokomotiv til hest, som mest sannsynleg blir dratt av ein grøn traktor. På fortauet står folk og samlar snopet som blir kasta i frå toget. Festfaktoren i karneval-toget er mykje høgare enn det den er i 17.mai-toget heime hos oss. Toget begynte å gå kl 14.00 og då var deltakarane i toget i full gang med å tømme det dei hadde av drikkevarer og var ikkje diskret i det heile tatt. Det var vell heller få som gjekk utan noko flytande. Elles fekk eg mange koselege bursdagshelsingar på dagen. Tvserien «Monarch of the Glen» (også kjent som Kar for sin kilt) var nett det eg ønskte meg. På søndagen reiste eg tilbake til Erfurt og var ganske nervøs for den kommande veka.

Denne torsdagen hadde eg nemleg «Norwegischer Abend // Norsk kveld» her i Erfurt. Eg var overraska over kor mange som møtte opp. På denne norske kvelden, fortalde eg litt om historie, geografi, nynorsk/bokmål/samisk, politikk, 17.mai og sjølvsagt Sand, perlå i Ryfylke. I tillegg fortalde eg ei segn i frå Suldal, song «Jeg gikk en tur på stien» med dei og hadde ein vanskeleg quiz med dei. Vinnaren av quizen fekk ei lita handlaga bok med fire norske oppskrifter: Fiskepudding, rømmegraut, bollar og vaflar. Desse rettane, utan om fiskepuddingen, vart servert denne kvelden og alt vart ete opp.

I kveld og resten av helga skal eg slappe av, sidan eg neste veke skal vera med å leia teamtreninga på ein klassetur. Det blir spanande. God helg og kos dykk med karnevalmusikk i frå Tyskland: her, her og her. Helau!

Utsikt frå Rheinsteig

Enterprise, som sjølvsagt blir dratt av ein grøn traktor

Pippi Langstrømpe (som mann)

Lokomotiv

Godsaker for dei vaksne

Norske oppskrifter

Rømmegraut

Kanel i svingane

Comments (2) »